Red ale, engelsk type – eiga oppskrift.
- 3.0 kg Briess Golden Light LME
- 0.25 kg ljus sirap (Dansukker)
- 0.4 kg Carared spesialmalt
- 100 g East Kent Golding humle, pellets
- Vatn til 22 L
Spesialmalt køyrt i foodprocessor, trekt 30 min i 1.2 L mattermos, vatn på 80 grader. Det viser seg at vatn har så stor varmekapasitet samanlikna med korn at temperaturen nesten ikkje fell når dei blandast. Silt i stort dørslag, og vaska med litt varmt vatn.
Halvparten av maltekstrakta kokt med 10 L vatn i 50 min, 40 g humle frå start, 20 g etter 30 min, 20 g ved avslutning av koking (1 min). Resten av maltekstrakta og sirupen i når varmen er slått av. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 22 L.
2015-06-05: Brygget sett med 3 dl gjærslurry frå brygg #16 ved 21 grader.
2015-06-07: Temperatur 22 grader, god fart i gjæringa.
2015-06-12: Temperatur 23 grader. Primærgjæringa meir eller mindre avslutta. SG 1.009. Litt lyst på fargen, mildt og lett syrleg med låg bitring. Tørrhumla med 20 g East Kent Golding.
2015-06-13: Til 18 grader.
2015-06-19: Tappa på 38 0.5 L flasker pluss ei halvflaske, raud kork. 5 ml sukkerlake pr flaske, 150 g sukker til 250 ml vatn. Sett til flaskegjæring ved ca 24 grader. Stakk heverten litt djup, så det vart med ein god del humleflokk ++. Det vert interessant å sjå kva det gjer med klaring og aroma. Fin farge, litt lys til å vere typerett red ale. Overraskande fyldig smak til å vere så godt utgjæra. Carared som slår gjennom?
2015-07-04: Innom kjølelager eit par dagar.
OG 1.047, FG 1.008, 5.1% ABV + flaskegjæring.
Oppsummering (2015-08-10): IBU ca 15, EBC 33. Svært triveleg øl, moderat fylde, nokså nøytralt i smak. Fruktig aroma, men toler meir tørrhumle. Klart på flaska.