east kent golding

Brygg #45 Honningøl

Red ale med honning – eiga oppskrift. Nokså nært Obamas White House Honey Ale, men utan koking av honningen.

  • 3.0 kg Briess Golden Light LME
  • 0.4 kg honning (Mørk blomsterhonning, import, Honningsentralen)
  • 0.4 kg Carared spesialmalt
  • 20 g Chinook pellets
  • 40 g East Kent Goldings pellets
  • Vatn til 21 L

Spesialmalt malt på foodprosessor.  Trekt 30 min i humlepose rett i kjelen, rundt 65 grader.

Halvparten av maltekstrakta kokt med 9 L vatn i 45 min, 30 g humle frå start, 20 g etter 30 min, 10 g (East Kent) ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten på siste oppkok, med honningen til slutt. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 21 L. Mild vørter, litt honning i aroma og smak, men ikke overveldande. Kan verte svært bra. EBC ca 18. OG 1.052.

Frå Brewer’s Friend:
OG 1.50, FG 1.07, ABV 5.64, IBU 20.6, SRM 5.

2017-10-30: Brygget sett med ei pakke US-05 ved 20 grader.
2017-11-18: Sett kaldt (8 grader)
2017-11-26: Tappa på 13 0.33 L flasker med patentkork, 30 0.5 L flasker med lilla kork. Karbonering med sukkerlake, 165 g sukker til 250 ml vatn, 10 ml/L.
FG 1.010. ABV 5.5% pluss flaskegjæring, ca 5.8%. Flott farge – gylden, EBC ca 10. Litt honning i aroma, og kan anast i ettersmaken. Turt, sitrus, moderat bitter – IBU 20 kan stemme.
2017-11-26: Sett til flaskegjæring ved 24 grader.
2017-12-08: Til kjellar.

Svært likandes øl – populært. Litt honning i aroma, mild og rund, men utan klart innslag av honning. Litt bitring i ettersmaken, som kunne vore lengre.

Advertisements

Brygg #38 Nisseale

Red ale, engelsk type – eiga oppskrift. I stort lik #18.

  • 3.0 kg Briess Golden Light LME
  • 0.26 kg ljus sirap (Dansukker)
  • 0.3 kg Carared spesialmalt
  • 0.1  kg Caraamber spesialmalt
  • 30 g Centennial pellets
  • 30 g East Kent Golding pellets
  • 10 g Northern Brewer pellets
  • Vatn til 22 L

Spesialmalt malt på foodprosessor.  Trekt 40 min i humlepose rett i kjelen, frå 65 til 73 grader.

Halvparten av maltekstrakta kokt med 9 L vatn i 45 min, 40 g humle frå start, 20 g etter 30 min, 10 g (Northern Brewer) ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten og sirupen på siste oppkok. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 21.5 L.

2016-10-18: Brygget sett med 5 dl gjærslurry frå brygg #36 (US-05) ved 20 grader. Stort sett gjæra ved 20 grader.
2016-10-25: Flytta til 15 grader.
2016-11-06: Tappa på 38 0.5 L flasker, 4 0.33 L. Lilla kork.  10 ml sukkerlake pr liter, 175 g sukker til 250 ml vatn. Høveleg bitter, ca 30 IBU, litt lys, ca 28 EBC og lite raudfarge. God på smak, men kanskje litt lite spennande – turrhumling hadde nok gjort seg. Sett til flaskegjæring ved ca 23 grader, 14 dagar.

Fin etter flaskelagring og 10 dagar i kjellartemperatur. Aroma turka frukt, furu. Aning grapefrukt i smak.

OG 1.050, FG 1.010 – ABV 5.25 % pluss flaskegjæring, ca 5.5 %.

38-bjorneol

 

Brygg #18 Raudøl

Red ale, engelsk type – eiga oppskrift.

  • 3.0 kg Briess Golden Light LME
  • 0.25 kg ljus sirap (Dansukker)
  • 0.4 kg Carared spesialmalt
  • 100 g East Kent Golding humle, pellets
  • Vatn til 22 L

Spesialmalt køyrt i foodprocessor, trekt 30 min i 1.2 L mattermos, vatn på 80 grader. Det viser seg at vatn har så stor varmekapasitet samanlikna med korn at temperaturen nesten ikkje fell når dei blandast. Silt i stort dørslag, og vaska med litt varmt vatn.

Halvparten av maltekstrakta kokt med 10 L vatn i 50 min, 40 g humle frå start, 20 g etter 30 min, 20 g ved avslutning av koking (1 min). Resten av maltekstrakta og sirupen i når varmen er slått av. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 22 L.

2015-06-05: Brygget sett med 3 dl gjærslurry frå brygg #16 ved 21 grader.
2015-06-07: Temperatur 22 grader, god fart i gjæringa.
2015-06-12: Temperatur 23 grader. Primærgjæringa meir eller mindre avslutta. SG 1.009. Litt lyst på fargen, mildt og lett syrleg med låg bitring. Tørrhumla med 20 g East Kent Golding.
2015-06-13: Til 18 grader.
2015-06-19: Tappa på 38 0.5 L flasker pluss ei halvflaske, raud kork. 5 ml sukkerlake pr flaske, 150 g sukker til 250 ml vatn. Sett til flaskegjæring ved ca 24 grader. Stakk heverten litt djup, så det vart med ein god del humleflokk ++. Det vert interessant å sjå kva det gjer med klaring og aroma. Fin farge, litt lys til å vere typerett red ale. Overraskande fyldig smak til å vere så godt utgjæra. Carared som slår gjennom?
2015-07-04: Innom kjølelager eit par dagar.
OG 1.047, FG 1.008, 5.1% ABV + flaskegjæring.

Oppsummering (2015-08-10): IBU ca 15, EBC 33. Svært triveleg øl, moderat fylde, nokså nøytralt i smak. Fruktig aroma, men toler meir tørrhumle. Klart på flaska.

Summerred