Brygg #53 Kölschich

Kölsch-inspirert lett ale, med US-05 gjær i staden for kölsch-gjær. Eiga oppskrift. Nokså lett koseøl er tanken. Eintype humle – Hallertau Mittelfrüh.

  • 2.3 kg Briess Pilsner Light DME
  • 0.3 kg Carapils spesialmalt
  • 100 g Hallertau Mittelfrüh humle, pellets 2.7 % alfa
  • Vatn til 19 L
  • US-05 ale-gjær

DME blanda ut i 9 L springvatn i bryggekaret. Spesialmalt køyrt i foodprocessor, trekt 30 min rett i karet, vatn på 70 grader.
Så koking i 40 min, 40 g humle frå start, 20 g etter 30 min, 20 g ved avslutning av koking (1 min).  Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 19 L.
2020-07-28: Sett gjær ved 16 grader, til gjæring ved 18 grader.
2020-07-29: Gjæringa så vidt i gang, SG 1.046. EBC ca 10. Litt honning i aroma og smak. Lovande!
2020-08-03: Stormgjæringa over, SG 1.010. Svak aroma, litt anonym på smak. Høveleg bitter – rundt 10 IBU? Tørrhumla med 20 g Mittelfrüh.
2020-08-09: Mykje humle på topp enno, rørt inn. SG 1.005. Litt høy i aroma. Fin fylde, litt sitrus. Klar til tapping.
2020-08-10: Tappa på 25 0.5L flasker, kvit kork, og 11 0.33L flaske. Karbonert med 160 mg sukker til 250 mL vatn, 5 mL på kvar flaske. Sett til flaskegjæring ved ca 24 grader.
2020-xx-xx: Sett på kjølelager.
OG 1.046, FG  1.005, 5.4% AVB. Med flaskesukkeret skulle det verte ca 5.7% ABV.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s