APA type – eiga oppskrift. Lett sommarøl, vonar eg.
- 3.0 kg Briess Golden Light LME
- 0.15 kg ljus sirap (Dansukker)
- 0.15 kg lys sirup (Eldorado)
- 0.2 kg Carared spesialmalt
- 70 g Centennial humle, pellets, pluss 10 Centennial og 20 Saaz til turrhumling
- Vatn til 22 L
Spesialmalt køyrt i foodprocessor, trekt 30 min i 1.2 L mattermos, vatn på 70 grader. Silt i stort dørslag, og vaska med litt varmt vatn.
Halvparten av maltekstrakta kokt med 11 L vatn i 45 min, 40 g humle frå start, 20 g etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking (1 min). Resten av maltekstrakta og sirupen i når varmen er slått av. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 22 L.
2015-06-24: Brygget sett med 4 dl gjærslurry frå brygg #18 (US-05) ved 24 grader. Sett til gjæring ved 20 grader.
2015-06-30: SG 1.010. Passeleg bittert, som planlagt. Fin smak, kanskje litt vel anonymt sjølv som sommarøl. Turrhumla med 10 g Centennial og 20 g Saaz.
2015-07-06: Tappa på 38 0.5 L flasker pluss ei halvflaske, gylden kork. 5 ml sukkerlake pr flaske, 160 g sukker til 250 ml vatn. Sett til flaskegjæring ved ca 24 grader.
OG 1.047, FG 1.007. ABV 5.25 pluss flaskegjæring.
Klarnar svært seint, men ellers eit godt og leskande øl – tippar IBU på ca 30. Litt raudskjær frå spesialmalten. EBC ca 30. Toler litt meir sukker til flaskegjæringa. Ganske nøytral aroma.