sirup

Brygg #52 Humlesurr

Juleøl med honning – eiga oppskrift. Utgangspunkt Obamas White House Honey Porter.

  • 2.7 kg Briess Golden Light DME
  • 0.50 kg honning (Mørk blomsterhonning, import, Honningsentralen)
  • 0.20 kg mørk sirup
  • 0.30 kg Munich 25 EBC
  • 0.10 kg Carafa III
  • 40 g Pacific Gem pellets
  • Vatn til 20.5 L

Spesialmalt malt på foodprosessor. Trekt 30 min i humlepose rett i kjelen, rundt 70 grader. Humle: Pacific Gem pellets, 20 g 30 min, 10 g 10 min og 10 g ved slutt koking. Sakte kjøling – 50 grader etter 4 timer, så snøgt ned. Gjær direkte på skumtopp ved 20 grader. Farge: Brun, EBC ca 30. IBU ca 30 – ville vore rundt 20 ved rask avkjøling. OG 1.060. Vørter: Rund, moderat bitter, men lang bitter ettersmak. Kanskje ikkje den ideelle humla for juleøl – vi får sjå.

2019-11-28 Sett ved 20 grader.
2019-12-02 Stormgjæring over.
2019-12-06 Til 18 grader
2019-12-09 Ferdiggjæra, til 10 grader, FG 1.008.
2019-12-12 Tappa. 10 ml sukkerlake pr liter. 165 g sukker til 250 ml vatn

24 flasker 0.5 l, raud kork, 3 flasker a 0.7 l, svart kork, 14 flasker 0.35 l, patentkork (stort sett). Sett til flaskegjæring ved 24 grader.
ABV 6.8%, 7% etter flaskegjæring.

Bitringa er godt avrunda etter gjæringa, aroma av honning. Lovande, også som juleøl.

Brygg #50 Svartegjel

Schwartzbier – eiga oppskrift, men inspirert av Köstritz Schwartzbier.

  • 1.8 kg Pilsner Light LME (Briess)
  • 1.5 kg Golden Light LME
  • 0.20 kg mørk sirup («Dansukker Mörk Sirap»)
  • 0.40 kg Carafa III spesialmalt
  • 20 g umerka humle, truleg Chinook, pellets
  • 20 g Saaz humle, pellets
  • Saflager W 34/70
  • Vatn til 22.5 L
  • 90 g sukkerkulør

Spesialmalt i foodprocessor (12 s).  Trekt 30 min i humlepose i bryggekar, vasstemperatur 60-70 grader.
Kokt med 8 L vatn og halvparten av maltekstrakten i 40 min, 20 g Chinook frå start, 10 g Saaz etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten og sirupen i ved avslutning. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 22.5 L. Lovande vørter, litt lys til å vere Schwartzbier. Kompensert med ei flaske (90 g) Toro sukkerkulør.

2019-02-20: Brygget sett med gjær frå #49, ca 4 dl slurry. Temperatur på vørteren 11 grader. Sett til kald gjæring, temperatur 10 grader. OG 1.049.
2019-02-22: Gjæringa såvidt i gang. 11 grader.
2019-02-24: God fart i gjæringa. 12 grader i dunken.
2019-02-28: Stormgjæringa over. 11 grader.
2019-03-04: Sett til diacetyl-gjæring. 23 grader
2019-03-07: Sett kaldt, 9 grader.
2019-03-11: SG 1.012 (ABV 5.12 %). Fin brunsvart farge. Litt «feit». Rund smak, ikkje søt, men litt sjokolade. Interessant!
2019-03-26: Tappa på 30 0.5 L flasker, 10 0.33 L, ei heilflaske 0.75 L, svart kork. 10 ml sukkerlake pr L, 160 g sukker til 250 ml vatn. FG 1.012, ABV ca 5.4 etter flaskegjæring.

EBC ca 80, IBU rundt 20. Har fått mer pils-karakter på ettergjæringa, lettare. Stadig litt sjokoladepreg, men ingen søtsmak. Ikkje høg bitring, men sit lenge i ganen. Dette vert bra!

 

 

 

Brygg #47 Kvelpebrygg

Lys bayer («Amber lager»), eiga oppskrift.

  • 3.0 kg Briess pilsen light LME
  • 0.25 kg mørk sirup
  • 0.20 kg CaraMunich III spesialmalt
  • 0.14 kg Caraamber spesialmalt</li5
  • 40g Chinook humle, pellets
  • 5 g Hallertau Mittelfrüh humle, pellets
  • Saflager W 34/70 – frå brygg #44
  • Vatn til 22 L

Spesialmalt i foodprocessor (10 s). Trekt 35 min i humlepose i bryggekar med 8 l vatn, vasstemperatur 65-75 grader.

25 g Chinook pellets kokt saman med ca halvparten av maltekstrakten og spesialmaltavtrekket. Etter 30 min 15 g Chinook, også pellets, og etter 45 min resten av maltekstrakten, sirup, 5 g Chinook og 5 g Hallertau Mittelfrüh. Kjøling i vaskekum til 17 grader. Fyllt opp med vatn til 22 l, sett med ca 350 g tett gjærslurry ved 11 grader i dunken.

2018-03-30 OG 1.048. Lovande vørter, lett bitter ettersmak. Vert nok lettare enn #39, som var sett på Munich LME. OK det som vårøl. Sett til gjæring ved 11 grader.
2018-04-07 Sett til 23 grader
2018-04-10 Sett kaldt att. SG 1.008. Lovande.

2018-06-03 Sidan Ask kom i hus har brygget vorte ståande for seg sjølv i kjellaren, medean temperaturen steig fra ca 12 grader til 23. Verkar like vel OK. Tappa på 28 0.5 L flasker og 16 0.33 L flasker, blå kork og patentkork. 170 g sukker til 250 ml vatn, 10 ml sukkerlake pr L. FG 1.005, ABV 5,0% pluss flaskegjæring, ca 5.3%. Farge lys rav, ca 25 EBC, bitring 25 IBU Chinook’en gjev frisk skogaroma.

Brygg #46 Smedhaugen WH Ale

Amber ale med honning – eiga oppskrift. Vidareutvikling av #45.

  • 3.2 kg Briess Golden Light LME
  • 0.25 kg honning (Mørk blomsterhonning, import, Honningsentralen og tysk imker-honning)
  • 0.15 kg brødsirup
  • 0.4 kg Caraamber spesialmalt
  • 100 g Bramling Cross pellets
  • Vatn til 21 L

Spesialmalt malt på foodprosessor.  Trekt 30 min i humlepose rett i kjelen, rundt 65 grader.

Ein tredel av maltekstrakta kokt med 9 L vatn i 45 min, 50 g humle frå start, 30 g etter 30 min, 20 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten på siste oppkok, med honningen til slutt. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 21 L. Mild vørter, litt honning i aroma og smak. Kan verte svært bra. EBC ca 25. OG 1.057.

2018-01-20: Brygget sett med ca 0.5 l slurry frå #45. 20 grader.
2018-01-30: Sett til 24 grader for diacetyl-kvile.
2018-02-02: Sett kaldt, 5 grader.
2018-02-03: Tappa på 12 0.33 L flasker, 31 0.5 L flasker, blå kork. 10 ml sukkerlake pr liter, 170 g sukker til 250 ml vatn. FG 1.012. Farge ca 30 EBC, ein god del trub. God maltfylde, låg bitring. Lovande.
Til flaskegjæring ved 24 grader.

ABV 5.9 pluss flaskegjæring, ca 6.2%.

Brygg #42 Münchner

Bayer, eiga oppskrift.

  • 3.0 kg Briess pilsen light LME
  • 0.25 kg mørk sirup
  • 0.40 kg CaraMunich III spesialmalt
  • 40 g Northern Brewer humle, pellets
  • 40 g Hallertau Mittelfrüh humle, pellets
  • Saflager W 34/70 – frå brygg #39
  • Vatn til 22 L

Spesialmalt i foodprocessor (10 s). Trekt 35 min i humlepose i bryggekar med 8 l vatn, vasstemperatur 65-75 grader. Har har hatt problem med å finne beste prosess her – ser ut til at det beste er å varme opp vatnet til høgste mesketemperatur, sørge for at posen med malt vert godt gjennomvæta, og så la temperaturen falle litt innan meskeintervallet.

40 g Northern Brewer pellets kokt saman med ca halvparten av maltekstrakten og spesialmaltavtrekket. Etter 30 min 30 g Hallertau Mittelfrüh, også pellets, og etter 45 min resten av maltekstrakten, sirup og 10 g Hallertau Mittelfrüh. Kjøling i vaskekum til 17 grader. Fyllt opp med vatn til 22 l, sett med ca 350 g tett gjærslurry ved 11 grader i dunken.

2017-04-01 OG 1.048. Lovande vørter, lett bitter ettersmak. Vert nok lettare enn #39, som var sett på Munich LME. OK det som vårøl. Sett til gjæring ved 11 grader.

2017-04-10 Stormgjæring over. Sett til diacetyl-kvile ved 17 grader.
2017-04-13 Flytta til 22 grader.
2017-04-16 Flytta til 11 grader att. SG 1.010. EBC ca 25. IBU 20 i fylgje Brewer’s Friend. Kan stemme. Lovande smak, type nærast «moderne mørk lager».
2017-05-02 Tappa på 12 0.33 l flasker, 30 0.5 L flasker, grøn kork. 180 g sukker til 250 ml vatn, 10 ml pr l. Klar og fin farge. Sett til flaskegjæring ved 22 grader.
OG 1.048, FG 1.009, ABV 5.0 %. Med flaskegjæring ca 5.3 %
2017-05-15 Sett til kaldlager.

Eit god øl!

 

Brygg #41 Vårpils

Pils – eiga oppskrift.

  • 3.0 kg Pilsner Light LME (Briess)
  • 0.20 kg lys sirup («Dansukker Ljus Sirap»)
  • 0.20 kg Carapils spesialmalt
  • 30 g Chinook humle, pellets
  • 30 g Hallertau Mittelfrüh humle, pellets
  • Saflager W 34/70 (to pakker)
  • Vatn til 22 L

Spesialmalt i foodprocessor (10 s).  Trekt 30 min i humlepose i bryggekar, vasstemperatur 60-70 grader

Kokt med 8 L vatn og halvparten av maltekstrakten i 40 min, 30 g Chinook frå start, 20 g Mittelfrüh etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten og sirupen i ved avslutning. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 22 L. Lys, velsmakande vørter.

2017-03-02: Brygget sett med to pakker gjær. Temperatur på vørteren 12 grader.  Ei pakke på toppen, så tredve minutt kvile, kraftig røring, neste pakke. 11 grader i dunken. Sett til kald gjæring, temperatur ned til 9 grader. Lite liv i gjærlåsen.
2017-03-05: Løfta temperaturen til 15 grader. God gjæring.
2017-03-06: Temperaturen ned til 11 grader.
2017-03-08: Til sluttgjæring ved 24 grader.
2017-03-09: Gjæringa slutt, SG 1.008. Sett kaldt.
2017-03-15: Tappa på 34 0.5 L flasker (gyllen kork) og 8 0.33 L flasker med patentkork. 10 ml sukkerlake pr l, lake av 170 g sukker til 250 ml vatn. EBC ca 8, gyllen tone. Nøytral på smak, turr. IBU ca 15, kunne nok hatt litt meir bitterhumle etter min smak. Ellers svært lovande. Til karbonering ved 22 grader.
2017-03-28: Sett til kaldlager, 4 grader.
2017-03-30: Prøveflaske. Anonym, litt lågt humla. Bør verte sprekare ved lagring.

OG 1.048, FG 1.008, ABV ca 5.25%, ca 5.5 etter flaskegjæring.

Brygg #39 Jims bayer

Bayer, basert på #31.

  • 3.0 kg Briess Munich LME
  • 0.25 kg mørk sirup
  • 0.20 kg Caraamber spesialmalt
  • 30 g Northern Brewer humle, pellets
  • 50 g Hallertau Mittelfrüh humle, pellets
  • Saflager W 34/70 – frå brygg #37
  • Vatn til 22 L

Spesialmalt i foodprocessor (10 s). Trekt 35 min i humlepose i bryggekar, vasstemperatur 65-75 grader
Kokt med 8 L vatn i 45 min, 30 g Northern Brewer og 10 g Mittelfrüh frå start, halvparten av maltekstrakten, 30 g Mittelfrüh etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten og sirupen i ved kokeavslutning. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 22 L.

2016-11-05: Brygget sett med ca 400 ml tett slurry frå brygg #37 etter kraftig røring. Temperatur på vørteren 14 grader, i rommet 12. Mild vørter med maltpreg. Ca 40 EBC.
2016-12-07: Tappa på 5 0.33 L, 30 0.5 L, gyllen kork. Karbonert med 10 ml sukkerlake pr L, 170 g sukker til 250 ml. Til flaskekarbonering ved 23 grader.

2016-12-22: Til kaldlager, 3-4 grader.

OG 1.050, FG 1.013, ABV 4.9 pluss flaskegjæring, 5.2 % til sammen. Honning i aroma, turka frukt antydning i smak. Fyldug, med lang ettersmak. Fint juleøl.

39-jims_bayer