Brygg #41 Vårpils

Pils – eiga oppskrift.

  • 3.0 kg Pilsner Light LME (Briess)
  • 0.20 kg lys sirup (“Dansukker Ljus Sirap”)
  • 0.20 kg Carapils spesialmalt
  • 30 g Chinook humle, pellets
  • 30 g Hallertau Mittelfrüh humle, pellets
  • Saflager W 34/70 (to pakker)
  • Vatn til 22 L

Spesialmalt i foodprocessor (10 s).  Trekt 30 min i humlepose i bryggekar, vasstemperatur 60-70 grader

Kokt med 8 L vatn og halvparten av maltekstrakten i 40 min, 30 g Chinook frå start, 20 g Mittelfrüh etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten og sirupen i ved avslutning. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 22 L. Lys, velsmakande vørter.

2017-03-02: Brygget sett med to pakker gjær. Temperatur på vørteren 12 grader.  Ei pakke på toppen, så tredve minutt kvile, kraftig røring, neste pakke. 11 grader i dunken. Sett til kald gjæring, temperatur ned til 9 grader. Lite liv i gjærlåsen.
2017-03-05: Løfta temperaturen til 15 grader. God gjæring.
2017-03-06: Temperaturen ned til 11 grader.
2017-03-08: Til sluttgjæring ved 24 grader.
2017-03-09: Gjæringa slutt, SG 1.008. Sett kaldt.
2017-03-15: Tappa på 34 0.5 L flasker (gyllen kork) og 8 0.33 L flasker med patentkork. 10 ml sukkerlake pr l, lake av 170 g sukker til 250 ml vatn. EBC ca 8, gyllen tone. Nøytral på smak, IBU ca 15, kunne nok hatt litt meir bitterhumle etter min smak. Ellers svært lovande. Til karbonering ved 22 grader.

OG 1.048, FG 1.008, ABV ca 5.25%, ca 5.5 etter flaskegjæring.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s