chinook

Brygg #50 Svartegjel

Schwartzbier – eiga oppskrift, men inspirert av Köstritz Schwartzbier.

  • 1.8 kg Pilsner Light LME (Briess)
  • 1.5 kg Golden Light LME
  • 0.20 kg mørk sirup («Dansukker Mörk Sirap»)
  • 0.40 kg Carafa III spesialmalt
  • 20 g umerka humle, truleg Chinook, pellets
  • 20 g Saaz humle, pellets
  • Saflager W 34/70
  • Vatn til 22.5 L
  • 90 g sukkerkulør

Spesialmalt i foodprocessor (12 s).  Trekt 30 min i humlepose i bryggekar, vasstemperatur 60-70 grader.
Kokt med 8 L vatn og halvparten av maltekstrakten i 40 min, 20 g Chinook frå start, 10 g Saaz etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten og sirupen i ved avslutning. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 22.5 L. Lovande vørter, litt lys til å vere Schwartzbier. Kompensert med ei flaske (90 g) Toro sukkerkulør.

2019-02-20: Brygget sett med gjær frå #49, ca 4 dl slurry. Temperatur på vørteren 11 grader. Sett til kald gjæring, temperatur 10 grader. OG 1.049.
2019-02-22: Gjæringa såvidt i gang. 11 grader.
2019-02-24: God fart i gjæringa. 12 grader i dunken.
2019-02-28: Stormgjæringa over. 11 grader.
2019-03-04: Sett til diacetyl-gjæring. 23 grader
2019-03-07: Sett kaldt, 9 grader.
2019-03-11: SG 1.012 (ABV 5.12 %). Fin brunsvart farge. Litt «feit». Rund smak, ikkje søt, men litt sjokolade. Interessant!
2019-03-26: Tappa på 30 0.5 L flasker, 10 0.33 L, ei heilflaske 0.75 L, svart kork. 10 ml sukkerlake pr L, 160 g sukker til 250 ml vatn. FG 1.012, ABV ca 5.4 etter flaskegjæring.

EBC ca 80, IBU rundt 20. Har fått mer pils-karakter på ettergjæringa, lettare. Stadig litt sjokoladepreg, men ingen søtsmak. Ikkje høg bitring, men sit lenge i ganen. Dette vert bra!

 

 

 

Advertisements

Brygg #49 Ask

Märzen – eiga oppskrift.

  • 3.0 kg Pilsner Light LME (Briess)
  • 0.20 kg lys sirup («Dansukker Ljus Sirap»)
  • 0.20 kg Carapils spesialmalt
  • 25 g umerka humle, truleg Chinook, pellets
  • 30 g Saaz humle, pellets
  • Saflager W 34/70 (to pakker)
  • Vatn til 21 L

Spesialmalt i foodprocessor (10 s).  Trekt 30 min i humlepose i bryggekar, vasstemperatur 60-70 grader

Kokt med 8 L vatn og halvparten av maltekstrakten i 40 min, 30 g Chinook frå start, 20 g Mittelfrüh etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten og sirupen i ved avslutning. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 21 L. Lys, velsmakande vørter.

2018-11-23: Brygget sett med to pakker gjær. Temperatur på vørteren 14 grader. Sett til kald gjæring, temperatur ned til 9 grader. OG 1.053.
2018-11-25: Gjæringa er i gang. 9 grader i dunken.
2018-12-07: Til diacetyl-gjæring, 22 grader.
2018-12-09: Til sluttgjæring ved 8 grader.
2012-12-15: Tappa på 27 0.5 L flasker, 16 0.33. Gylden kork. 160 g sukker til 250 ml vatn i sukkerlaken, 10 ml/L. FG 1.011, 5.5 % ABV, ca 5.8 % etter flaskegjæring. EBC ca 30, IBU rundt 20. Maltekstrakten er frå eit lite fat og har stått ei stund, så den er mørkare enn typerett. Ølet er relativt mørkt i forhold til oppskrifta og ganske mjukt. Ligg nærare märzen enn helles. Juleøl light, lettdrukke og velsmakande ved tapping. Maltpreg. Sett til flaskegjæring ved ca 22 grader.

2019-02-28: Fast, fin skumtopp. Fin ravfarge. Nøytral aroma. Mindre maltpreg enn ved tapping. Frisk og lang ettersmak. Eit godt øl!

Brygg #48 -Juleale 2018

Amber ale med honning – eiga oppskrift. Variant av #46, stamfar Obamas White House Honey Ale.

  • 3.2 kg Briess Golden Light LME
  • 0.28 kg honning (Mørk blomsterhonning, import, Honningsentralen)
  • 0.20 kg brødsirup
  • 0.1 kg Carahell spesialmalt
  • 0.05 kg Carafa Special (?)
  • 0.25 kg Munich 25 EBC
  • 50 g Chinook pellets
  • Vatn til 21 L

Spesialmalt malt på foodprosessor. Trekt 30 min i humlepose rett i kjelen, rundt 70 grader.

Ein tredel av maltekstrakta kokt med 8 L vatn i 50 min, 30 g humle frå start, 10 g etter 35 min, 10 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten på siste oppkok, med honningen til slutt. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 21 L. Fin vørter, furu frå Chinook’en, litt honning i aroma og smak. Kan verte svært bra. EBC ca 30. OG 1.054.

2018-11-11: Brygget sett med ei pakke Safale US-05. 20 grader.
2018-11-17: Utgått – 24 grader.
2018-11-19: Sett kaldt, ca 10 grader. SG 1.11. Rund, men frisk, og fin bitter ettersmak.
2018-12-02: Tappa. 36 0.5 L flasker, mørk blå kork. 165 g sukker til 250 ml vatn, 10 ml pr 1 øl. FG 1.011. ABV 5.64%, ca 6% etter flaskegjæring.

Brygg #47 Kvelpebrygg

Lys bayer («Amber lager»), eiga oppskrift.

  • 3.0 kg Briess pilsen light LME
  • 0.25 kg mørk sirup
  • 0.20 kg CaraMunich III spesialmalt
  • 0.14 kg Caraamber spesialmalt</li5
  • 40g Chinook humle, pellets
  • 5 g Hallertau Mittelfrüh humle, pellets
  • Saflager W 34/70 – frå brygg #44
  • Vatn til 22 L

Spesialmalt i foodprocessor (10 s). Trekt 35 min i humlepose i bryggekar med 8 l vatn, vasstemperatur 65-75 grader.

25 g Chinook pellets kokt saman med ca halvparten av maltekstrakten og spesialmaltavtrekket. Etter 30 min 15 g Chinook, også pellets, og etter 45 min resten av maltekstrakten, sirup, 5 g Chinook og 5 g Hallertau Mittelfrüh. Kjøling i vaskekum til 17 grader. Fyllt opp med vatn til 22 l, sett med ca 350 g tett gjærslurry ved 11 grader i dunken.

2018-03-30 OG 1.048. Lovande vørter, lett bitter ettersmak. Vert nok lettare enn #39, som var sett på Munich LME. OK det som vårøl. Sett til gjæring ved 11 grader.
2018-04-07 Sett til 23 grader
2018-04-10 Sett kaldt att. SG 1.008. Lovande.

2018-06-03 Sidan Ask kom i hus har brygget vorte ståande for seg sjølv i kjellaren, medean temperaturen steig fra ca 12 grader til 23. Verkar like vel OK. Tappa på 28 0.5 L flasker og 16 0.33 L flasker, blå kork og patentkork. 170 g sukker til 250 ml vatn, 10 ml sukkerlake pr L. FG 1.005, ABV 5,0% pluss flaskegjæring, ca 5.3%. Farge lys rav, ca 25 EBC, bitring 25 IBU Chinook’en gjev frisk skogaroma.

Brygg #45 Honningøl

Red ale med honning – eiga oppskrift. Nokså nært Obamas White House Honey Ale, men utan koking av honningen.

  • 3.0 kg Briess Golden Light LME
  • 0.4 kg honning (Mørk blomsterhonning, import, Honningsentralen)
  • 0.4 kg Carared spesialmalt
  • 20 g Chinook pellets
  • 40 g East Kent Goldings pellets
  • Vatn til 21 L

Spesialmalt malt på foodprosessor.  Trekt 30 min i humlepose rett i kjelen, rundt 65 grader.

Halvparten av maltekstrakta kokt med 9 L vatn i 45 min, 30 g humle frå start, 20 g etter 30 min, 10 g (East Kent) ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten på siste oppkok, med honningen til slutt. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 21 L. Mild vørter, litt honning i aroma og smak, men ikke overveldande. Kan verte svært bra. EBC ca 18. OG 1.052.

Frå Brewer’s Friend:
OG 1.50, FG 1.07, ABV 5.64, IBU 20.6, SRM 5.

2017-10-30: Brygget sett med ei pakke US-05 ved 20 grader.
2017-11-18: Sett kaldt (8 grader)
2017-11-26: Tappa på 13 0.33 L flasker med patentkork, 30 0.5 L flasker med lilla kork. Karbonering med sukkerlake, 165 g sukker til 250 ml vatn, 10 ml/L.
FG 1.010. ABV 5.5% pluss flaskegjæring, ca 5.8%. Flott farge – gylden, EBC ca 10. Litt honning i aroma, og kan anast i ettersmaken. Turt, sitrus, moderat bitter – IBU 20 kan stemme.
2017-11-26: Sett til flaskegjæring ved 24 grader.
2017-12-08: Til kjellar.

Svært likandes øl – populært. Litt honning i aroma, mild og rund, men utan klart innslag av honning. Litt bitring i ettersmaken, som kunne vore lengre.

Brygg #44 Juleøl

Juleøl – bokktype. Eiga oppskrift med utgangspunkt i #37

  • 0.9 kg Briess Sparkling Amber DME
  • 2.1 kg Briess Pilsen light LME
  • 0.4 kg mørk sirup
  • 0.4 kg Munich III spesialmalt
  • 70 g East Kent Goldings, pellets
  • Krydder: 7 g hakka fersk chili, 5 g lett knust koriander
  • Vatn til 18 L

Spesialmalt malt på foodprosessor.  Trekt 40 min i humlepose rett i kjelen, frå 65 til 75 grader.

DME kokt med 9 L vatn i 45 min, 40 g humle frå start, 20 g etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking. Krydder med i humlepose siste 10 min. Resten av maltekstrakten og sirupen i på siste kok. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 18 L. Vørteren er lovande. Ikkje spesielt søt, krydderet kan berre anast, fin bittersmak. Farge ca 30 EBC.

2017-10-16: Brygget sett med 2 pakker Saflager W-34/70 ved 15 grader, til gjæring ved 10-15 grader. Gjæren hydrert i vørter fyrst.
2017-10-23: Stormgjæringa over, SG 1.016. Sett diacetylkvile ved 21 grader,
2017-10-25: Attende til 13 grader.
2017-10-01: Tappa på 28 0.5 L og 8 0.33 L flasker. Grønn kork. Karbonering 160 g sukker til 250 ml vatn sukkerlake, 10 ml pr liter øl. Stakk heverten litt djupt, så det er ein del trub i flaskene. Allereide eit godt øl – dette lovar bra. Farge stadig ca 30 EBC.
2017-10-18: Sett til kaldlagring.

OG 1.063, FG 1.012, ABV 6.7% pluss flaskegjæring, ca 7.0%

Brygg #41 Vårpils

Pils – eiga oppskrift.

  • 3.0 kg Pilsner Light LME (Briess)
  • 0.20 kg lys sirup («Dansukker Ljus Sirap»)
  • 0.20 kg Carapils spesialmalt
  • 30 g Chinook humle, pellets
  • 30 g Hallertau Mittelfrüh humle, pellets
  • Saflager W 34/70 (to pakker)
  • Vatn til 22 L

Spesialmalt i foodprocessor (10 s).  Trekt 30 min i humlepose i bryggekar, vasstemperatur 60-70 grader

Kokt med 8 L vatn og halvparten av maltekstrakten i 40 min, 30 g Chinook frå start, 20 g Mittelfrüh etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten og sirupen i ved avslutning. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 22 L. Lys, velsmakande vørter.

2017-03-02: Brygget sett med to pakker gjær. Temperatur på vørteren 12 grader.  Ei pakke på toppen, så tredve minutt kvile, kraftig røring, neste pakke. 11 grader i dunken. Sett til kald gjæring, temperatur ned til 9 grader. Lite liv i gjærlåsen.
2017-03-05: Løfta temperaturen til 15 grader. God gjæring.
2017-03-06: Temperaturen ned til 11 grader.
2017-03-08: Til sluttgjæring ved 24 grader.
2017-03-09: Gjæringa slutt, SG 1.008. Sett kaldt.
2017-03-15: Tappa på 34 0.5 L flasker (gyllen kork) og 8 0.33 L flasker med patentkork. 10 ml sukkerlake pr l, lake av 170 g sukker til 250 ml vatn. EBC ca 8, gyllen tone. Nøytral på smak, turr. IBU ca 15, kunne nok hatt litt meir bitterhumle etter min smak. Ellers svært lovande. Til karbonering ved 22 grader.
2017-03-28: Sett til kaldlager, 4 grader.
2017-03-30: Prøveflaske. Anonym, litt lågt humla. Bør verte sprekare ved lagring.

OG 1.048, FG 1.008, ABV ca 5.25%, ca 5.5 etter flaskegjæring.