pils

Brygg #41 Vårpils

Pils – eiga oppskrift.

  • 3.0 kg Pilsner Light LME (Briess)
  • 0.20 kg lys sirup («Dansukker Ljus Sirap»)
  • 0.20 kg Carapils spesialmalt
  • 30 g Chinook humle, pellets
  • 30 g Hallertau Mittelfrüh humle, pellets
  • Saflager W 34/70 (to pakker)
  • Vatn til 22 L

Spesialmalt i foodprocessor (10 s).  Trekt 30 min i humlepose i bryggekar, vasstemperatur 60-70 grader

Kokt med 8 L vatn og halvparten av maltekstrakten i 40 min, 30 g Chinook frå start, 20 g Mittelfrüh etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten og sirupen i ved avslutning. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 22 L. Lys, velsmakande vørter.

2017-03-02: Brygget sett med to pakker gjær. Temperatur på vørteren 12 grader.  Ei pakke på toppen, så tredve minutt kvile, kraftig røring, neste pakke. 11 grader i dunken. Sett til kald gjæring, temperatur ned til 9 grader. Lite liv i gjærlåsen.
2017-03-05: Løfta temperaturen til 15 grader. God gjæring.
2017-03-06: Temperaturen ned til 11 grader.
2017-03-08: Til sluttgjæring ved 24 grader.
2017-03-09: Gjæringa slutt, SG 1.008. Sett kaldt.
2017-03-15: Tappa på 34 0.5 L flasker (gyllen kork) og 8 0.33 L flasker med patentkork. 10 ml sukkerlake pr l, lake av 170 g sukker til 250 ml vatn. EBC ca 8, gyllen tone. Nøytral på smak, turr. IBU ca 15, kunne nok hatt litt meir bitterhumle etter min smak. Ellers svært lovande. Til karbonering ved 22 grader.
2017-03-28: Sett til kaldlager, 4 grader.
2017-03-30: Prøveflaske. Anonym, litt lågt humla. Bør verte sprekare ved lagring.

OG 1.048, FG 1.008, ABV ca 5.25%, ca 5.5 etter flaskegjæring.

Brygg #29 Lauvsprettpils

Pils – eiga oppskrift.

  • 3.0 kg Pilsner Light LME
  • 0.30 kg lys sirup («Eldorado»)
  • 0.20 kg Carahell spesialmalt
  • 30 g Centennial humle, pellets
  • 30 g Hallertau Mittelfrüh humle, pellets
  • Saflager W 34/70 (to pakker)
  • Vatn til 22 L

Spesialmalt i foodprocessor (8 s).  Trekt 30 min i humlepose i bryggekar, vasstemperatur 65-75 grader

Kokt med 8 L vatn i 40 min, 30 g Centennial frå start, halvparten av maltekstrakten i etter 5 min, 20 g Mittelfrüh etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten og sirupen i ved avslutning. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 22 L.

2016-03-20: Brygget sett med to pakker gjær. Temperatur på vørteren 12 grader. Kraftig røring, ei pakke på toppen, så tredve minutt kvile, kraftig røring, neste pakke, og siste røring etter nok ein halvtime. Store temperaturvariasjonar fyrste døgna – 10 til 15 grader. Så sett til kjellargjæring på 12 grader.
2016-03-29: Flytt til 18 grader. SG 1.012
2016-04-01: Attende til 12 grader
2016-04-22: Tappa og flaska. 39 0.5 L flasker, 3 0.33 L. Sølvfarga kork. 5 ml sukkerlake pr flaske, 180 g sukker til 250 ml vatn.
2016-04-30: Prøveflaske – bra med kolsyre, god smak og bitring. Ikkje heil klår.
2016-05-08: Til kaldlager.
OG 1.046, FG 1.008. ABV 4.73%, 5% etter flaskegjæring.
God pils med ganske solid kropp of farge, EBC ca 16. Det største problemet er å la den få nok tid på kaldlager!

Brygg #26 Husets pils

Pils – kopi av brygg #23, som vart svært bra. Gjenbruk av gjær frå #23, som  har stått i kjøleskåp ein månad.

  • 3.0 kg Pilsner Light LME
  • 0.20 kg lys sirup («Eldorado»)
  • 0.20 kg Carapils spesialmalt
  • 70 g Centennial humle, pellets
  • 30 g Hallertau Mittelfrüh
  • Vatn til 21.5 L

Spesialmalt i foodprocessor (8 s).  Trekt 30 min i humlepose i bryggekar, vasstemperatur 65-72 grader.

Kokt med 8 L vatn i 40 min, 40 g humle frå start, halvparten av maltekstrakten i etter 5 min, 20 g humle etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten og sirupen i når varmen er slått av. Kjøling ute i 13 kuldegrader, går likevel seint. Kaldt vatn til 21.5  L. Vørteren verkar fin – lys, moderat bitter og nøytral aroma. OG 1.048.

2016-01-07: Brygget sett med ca 0.3 l gjærslurry frå etter å ha stått over natta ved 6 grader. Temperatur på vørteren 9 grader. Sett til gjæring ved 9 grader. Tek eit par dagar før det er full fart i dunken. Temperatur på rundt 12 grader.
2016-01-15: Flytta til 12 grader. Tørrhumla med 30 g Hallertau Mittelfrüh. Ser ut og smakar bra, bortsett frå ein svak såpebismak. SG 1.013.
2016-01-17: Flytt til 14 grader.
2016-01-19: Flytt til 20 grader, seinare til 18. Diacetyl-kvile.
2016-01-21: Attende til 14 grader. SG 1.010. Framleis ei aning av såpe.
2016-01-24: Flytt til 20 grader, ny runde diacetyl-kvile.
2016-01-29: Flytt til 12 grader att.
2016-02-07: Tappa på 37 0.5 l flasker og to 0.33. Stakk nok heverten litt djupt, så det vart med ein del botnfall. Ellers klart og fint, smaken er lovande, såpeantydningen er borte. Har likevel slege ut gjæren, ingen gjenbruk denne gongen.

Tappa på 37 0.5 l flasker pluss to 0.33 l. 5 ml sukkerlake pr flaske, 177 g sukker til 250 ml vatn. Sett til flaskegjæring vad ca 22 grader.

OG 1.048, FG 1.008. ABV 5.25%, med flaskegjæring ca 5.5%.

 

Brygg #23 Husets pils

Pils – eiga oppskrift.

  • 3.0 kg Pilsner Light LME
  • 0.27 kg lys sirup («Eldorado»)
  • 0.20 kg Carapils spesialmalt
  • 70 g Centennial humle, pellets
  • 30 g Saaz humle, pellets
  • Saflager W 34/70 (to pakker)
  • Vatn til 22 L

Spesialmalt i foodprocessor (8 s).  Trekt 35 min i 1.2 L mattermos, vatn på 72 grader. Silt i humlepose.

Kokt med 8 L vatn i 40 min, 40 g humle frå start, halvparten av maltekstrakten i etter 5 min, 20 g humle etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten og sirupen i når varmen er slått av. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 22 L. Vørteren verkar fin – lys, moderat bitter og nøytral aroma.
2015-11-01: Brygget sett med to pakker gjær etter å ha stått ute over natta ved 9 grader. Temperatur på vørteren 11 grader. Sett til gjæring ved 14 grader.
2015-11-08: Flytta til 18 grader.
2015-11-10: SG 1.012. Turrhumla med 30 g Saaz. Attende til 14 grader.
2015-11-20: SG 1.011. Mykje flokk på toppen, men lovande smak. 13 grader.
2015-12-04: Tappa på 36 0.5L flasker pluss tre 0.33. Sølv/gull kork. Sukkerlake: 165 g sukker til 250 ml vatn, 5 ml pr flaske. Sett til flaskegjæring ved 24 grader.
OG 1.048, FG 1.010; 5 % ABV pluss flaskegjæring, ca 5.3 til slutt..

Husets pils

Brygg #17 Jonsokpils

2015-04-30: Samme oppskrift som #13. Muntons Gold Continental Pilsner kit (EBC 5-7, EBU 25-33), vatn til 21 L. Gjær frå #13, ca 250 ml slurry, sett ved 15 grader.

2015-05-08: Tørrhumla med 20 g Centennial. Flytta til 18 grader. SG 1.012, litt liv i gjæren.
2015-05-11: Attende til 15 grader.
2015-05-28: Tappa på 39 0.5 L flasker, metallfarga/kvit kork. 5 ml sukkerlake pr flaske, 160 g sukker til 250 ml vatn. Sett til flaskegjæring ved ca 24 grader.

OG 1.046, FG 1.010, 5% ABV + flaskegjæring
Svært bra. Centennial fungerer fint til turrhumling her.

16-russeale

Brygg #15 Maipils

2015-03-29: Samme oppskrift som #13. Muntons Gold Continental Pilsner kit (EBC 5-7, EBU 25-33), vatn til 21 L. Gjær frå #13, ca 500 ml tunn slurry, delvis silt, sett ved 12 grader.

2015-04-06: SG 1.010. Litevetta anonym. Turrhumla med 30 g Saaz. Flytta til 18 grader (diacetyl-kvile)
2015-04-08: Attende til 14 grader.
2015-04-30: Tappa på 39 0.5 L flasker, mørkegrønn kork. 5 ml sukkerlake pr flaske, 170 g sukker til 250 ml vatn. Sett til flaskegjæring ved ca 24 grader.
2015-05-11: Flaskelagring på 15 grader.

OG 1.046.
FG 1.008. ABV 5% pluss flaskegjæring.
2015-05-17: Til kaldlager.
Fin, men litt anonym pils. Toler ei sprekare humle enn Saaz.

Maipils

Brygg #13 Påskepils

2015-03-05: Sett på Muntons Gold Continental Pilsner kit (EBC 5-7, EBU 25-33), vatn til 21 L. Gjær frå #12, 250 ml tunn slurry, sett ved 14 grader.
Primærgjæring ved 11-13 grader.
2015-03-15: Primærgjæringa avslutta, flytta til 17 grader for diacetyl-kvile.
2015-03-16: SG 1.011. Tilsett 20 g Saaz humplepellets. Flytta til 19 grader.
2015-03-18: Attende til 11 grader.
2015-03-29: Tappa på 38 0.5 L flasker, og ei 0.33, gul kork. 5 ml sukkerlake pr flaske, 160 g sukker til 250 ml vatn. Sett til flaskegjæring ved ca 24 grader. Svært lovande smak og mild aroma. Lysare på fargen enn #12 – det ser at fargen frå humleblome har innverknad.

OG 1.046
FG 1.010. ABV 4.7% pluss flaskegjæring.

 

Brygg #12 Vårpils

2015-01-27: Sett på Muntons Gold Continental Pilsner kit (EBC 5-7, EBU 25-33). To pakker Saflager 34/70, rett i dunken ved 22 grader, men i to omgangar med 30 min mellom og kraftig røring for begge etter 30 min. 13 L i dunken ved pitching. Kaldt vatn til 20.5 L, temperatur i vørter 17 grader.

Primærgjæring: Flytta til rom med 13 grader etter pitching.
Etter kvart ned til 11 grader.
2015-02-08: Nokså stille i gjærlåsen. Flytta til 16 grader.
2015-02-09: SG 1.012. Klar og fin. Turrhumla med 20 g Centennial pellets. Attende til 14 grader.
2015-02-19: Tappa på 38 0.5L flasker, lys blå kork. 5 ml sukkerlake på kvar, 150 g sukker til 250 ml vatn. 23 dagar i dunken.
Ser og smakar rett bra, rettnok ein del humleflokk, særlig fyrst og sist i tappinga. Sett på ca 24 grader.
OG 1.045, FG: 1.010, 4.6 ABV + flaskegjæring.
2015-03-01: Til kaldlager. Testflaske: Mykje kolsyre – i overkant? Klar, god smak, men ein del humleflokk. Mørkare i fargen enn #9 – set humlen farge?

Brygg #9 Vinterpils

Fyrste freistnad på å sette pils. Attende til #1, men nå med pilsgjær.

2014-12-13: Sett på Muntons Gold Continental Pilsner kit (EBC 5-7, EBU 25-33). Vatn til 22L. To pakker Safale 2 pk Saflager 34/70, rett i dunken ved 24 grader, men i to omgangar med 30 min mellom og kraftig røring for begge etter 30 min.

Primærgjæring: Flytta til rom med 13 grader to timar etter pitching. Dagen etter: 15 grader i vørteren. Går fint. Kraftig svovellukt – ikkje noko å ha på soverommet!
2014-12-18: 12 grader i rommet og dunken. Går roleg og fint, svovellukta er borte.
2014-12-20: Vekt 1.014. Lovande smak. Har stoppa å gå, flytta til 15 grader, starta att.
2014-12-27: Vekt 1.011. Ganske klart, pilskarakter. Flytta inn på 17-18 grader.
2014-12-30: Til 15 grader.
2015-01-01: Til 12 grader
2015-01-03: Vekt 1.011. Klart, fin farge, god pilskarakter. Litt lett.
OG 1.041, FG: 1.010, 4.2% + flaskegjæring
Flasking: 2015-01-08. 41 0.5L flasker, gul kork. Sukkerlake: 170g til 250 ml, 5 ml pr flaske med doseringssprøyte. Kanskje litt i overkant med sukker, får sjå etter kvart. Klart øl utan omstikking.
2015-01-23: På kjøling, 0-2 grader
2015-02-01: Alt svært drikkande pils, betre enn dei aller fleste butikkpils. Litt opp i alkoholstyrke vil ikkje skade.

Vinterpils

Brygg #1 Oppvarming

Continental Pilsner2014-04-10: Sett på Muntons Gold Continental Pilsner ølsett, rett fram og etter oppskrifta. 10 dagar primærgjæring ved ca 18 grader. Hevdar å vere pils, men det fylgjer med ale-gjær.

OG 1.035, FG 1.005, altså ca ca 4% + flaskegjæring.

2014-04-20: Tappa på 0.5 L glasflasker, 36 stk, med ein halv sukkerbit, Dansukker røyrsukker, på kvar. Litt lite sukker, har sidan gått opp til heil sukkerbit. Korkfarge: Blank.

Resultat: Lett summarøl, gyldent. Meir pale ale enn pils, men godt og leskeleg. Litt lite kolsyre, særleg etter typen.