carapils

Brygg #49 Ask

Märzen – eiga oppskrift.

  • 3.0 kg Pilsner Light LME (Briess)
  • 0.20 kg lys sirup («Dansukker Ljus Sirap»)
  • 0.20 kg Carapils spesialmalt
  • 25 g umerka humle, truleg Chinook, pellets
  • 30 g Saaz humle, pellets
  • Saflager W 34/70 (to pakker)
  • Vatn til 21 L

Spesialmalt i foodprocessor (10 s).  Trekt 30 min i humlepose i bryggekar, vasstemperatur 60-70 grader

Kokt med 8 L vatn og halvparten av maltekstrakten i 40 min, 30 g Chinook frå start, 20 g Mittelfrüh etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten og sirupen i ved avslutning. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 21 L. Lys, velsmakande vørter.

2018-11-23: Brygget sett med to pakker gjær. Temperatur på vørteren 14 grader. Sett til kald gjæring, temperatur ned til 9 grader. OG 1.053.
2018-11-25: Gjæringa er i gang. 9 grader i dunken.
2018-12-07: Til diacetyl-gjæring, 22 grader.
2018-12-09: Til sluttgjæring ved 8 grader.
2012-12-15: Tappa på 27 0.5 L flasker, 16 0.33. Gylden kork. 160 g sukker til 250 ml vatn i sukkerlaken, 10 ml/L. FG 1.011, 5.5 % ABV, ca 5.8 % etter flaskegjæring. EBC ca 30, IBU rundt 20. Maltekstrakten er frå eit lite fat og har stått ei stund, så den er mørkare enn typerett. Ølet er relativt mørkt i forhold til oppskrifta og ganske mjukt. Ligg nærare märzen enn helles. Juleøl light, lettdrukke og velsmakande ved tapping. Maltpreg. Sett til flaskegjæring ved ca 22 grader.

2019-02-28: Fast, fin skumtopp. Fin ravfarge. Nøytral aroma. Mindre maltpreg enn ved tapping. Frisk og lang ettersmak. Eit godt øl!

Advertisements

Brygg #41 Vårpils

Pils – eiga oppskrift.

  • 3.0 kg Pilsner Light LME (Briess)
  • 0.20 kg lys sirup («Dansukker Ljus Sirap»)
  • 0.20 kg Carapils spesialmalt
  • 30 g Chinook humle, pellets
  • 30 g Hallertau Mittelfrüh humle, pellets
  • Saflager W 34/70 (to pakker)
  • Vatn til 22 L

Spesialmalt i foodprocessor (10 s).  Trekt 30 min i humlepose i bryggekar, vasstemperatur 60-70 grader

Kokt med 8 L vatn og halvparten av maltekstrakten i 40 min, 30 g Chinook frå start, 20 g Mittelfrüh etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten og sirupen i ved avslutning. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 22 L. Lys, velsmakande vørter.

2017-03-02: Brygget sett med to pakker gjær. Temperatur på vørteren 12 grader.  Ei pakke på toppen, så tredve minutt kvile, kraftig røring, neste pakke. 11 grader i dunken. Sett til kald gjæring, temperatur ned til 9 grader. Lite liv i gjærlåsen.
2017-03-05: Løfta temperaturen til 15 grader. God gjæring.
2017-03-06: Temperaturen ned til 11 grader.
2017-03-08: Til sluttgjæring ved 24 grader.
2017-03-09: Gjæringa slutt, SG 1.008. Sett kaldt.
2017-03-15: Tappa på 34 0.5 L flasker (gyllen kork) og 8 0.33 L flasker med patentkork. 10 ml sukkerlake pr l, lake av 170 g sukker til 250 ml vatn. EBC ca 8, gyllen tone. Nøytral på smak, turr. IBU ca 15, kunne nok hatt litt meir bitterhumle etter min smak. Ellers svært lovande. Til karbonering ved 22 grader.
2017-03-28: Sett til kaldlager, 4 grader.
2017-03-30: Prøveflaske. Anonym, litt lågt humla. Bør verte sprekare ved lagring.

OG 1.048, FG 1.008, ABV ca 5.25%, ca 5.5 etter flaskegjæring.

Brygg #40 Bière de Cologne

Ein ny variasjon over kölsch-temaet, med US-05 gjær i staden for kölsch-gjær. Eiga oppskrift. Nokså lett matøl er tanken.

  • 3.0 kg Briess Pilsner Light LME
  • 0.24 kg lys sirup
  • 0.25 kg Carapils spesialmalt
  • 40 g Chinook (bitterhumle)
  • 50 g Hallertau Mittelfrüh humle, pellets
  • Vatn til 21 L
  • 11.5 g US-05 ale-gjær (turrgjær)

Spesialmalt køyrt i foodprocessor, trekt i humlepose direkte i bryggekaret, lagt inn ved ca 40 grader, 40 min mellom 60 og 70 grader.
Halvparten av maltekstrakta kokt med 8 L vatn i 40 min, 40 g Chinook frå start, 20 g Mittelfrüh etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking sammen med resten av maltekstrakta og sirupen . Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 21 L. Lovande vørter, litt bitter ettersmak, så lys som det går med LME (ca EBC 12 ser det ut til).
2017-02-23: Sett gjær ved 14 grader, til gjæring ved 17 grader.
2017-02-24: Gjæring i gang etter 24 timar. Temperatur 13-14 grader.
2017-03-01: Stormgjæring over, temperatur i dunken 18 grader. Turrhumla med 20 g Mittelfrüh, flytta til 22 grader. SG 1.020. Svært lovande. Lyst, lett, med fin bitter ettersmak.
2017-03-04: Sett kaldt, ca 8 grader.
2017-03-12: Tappa på 33 0.5 L flasker og sju 0.33 L (Flensburger m/patentkork). 0.5 L-flaskene med lys grønn kork. 10 ml sukkerlake pr L, 170 g til 250 ml vatn. Sett til sekundærgjæring på flaske ved 24 grader.

Frisk, lett og turt øl, IBU ca 20 og EBC ca 12. Litt kort ettersmak.

OG 1.050, FG 1.009. ABV ca 5.4%, med flaskegjæring ca 5.7%. Litt sterkt til å vere typerett kölsch.

Brygg #29 Lauvsprettpils

Pils – eiga oppskrift.

  • 3.0 kg Pilsner Light LME
  • 0.30 kg lys sirup («Eldorado»)
  • 0.20 kg Carahell spesialmalt
  • 30 g Centennial humle, pellets
  • 30 g Hallertau Mittelfrüh humle, pellets
  • Saflager W 34/70 (to pakker)
  • Vatn til 22 L

Spesialmalt i foodprocessor (8 s).  Trekt 30 min i humlepose i bryggekar, vasstemperatur 65-75 grader

Kokt med 8 L vatn i 40 min, 30 g Centennial frå start, halvparten av maltekstrakten i etter 5 min, 20 g Mittelfrüh etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten og sirupen i ved avslutning. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 22 L.

2016-03-20: Brygget sett med to pakker gjær. Temperatur på vørteren 12 grader. Kraftig røring, ei pakke på toppen, så tredve minutt kvile, kraftig røring, neste pakke, og siste røring etter nok ein halvtime. Store temperaturvariasjonar fyrste døgna – 10 til 15 grader. Så sett til kjellargjæring på 12 grader.
2016-03-29: Flytt til 18 grader. SG 1.012
2016-04-01: Attende til 12 grader
2016-04-22: Tappa og flaska. 39 0.5 L flasker, 3 0.33 L. Sølvfarga kork. 5 ml sukkerlake pr flaske, 180 g sukker til 250 ml vatn.
2016-04-30: Prøveflaske – bra med kolsyre, god smak og bitring. Ikkje heil klår.
2016-05-08: Til kaldlager.
OG 1.046, FG 1.008. ABV 4.73%, 5% etter flaskegjæring.
God pils med ganske solid kropp of farge, EBC ca 16. Det største problemet er å la den få nok tid på kaldlager!

Brygg #28 Påskeale

Pale/amber ale, eiga oppskrift, i hovudsak kopi av #25, som vart svært bra.

  • 1.5 kg Briess Munich LME
  • 1.5 kg Briess Golden Light LME
  • 0.34 kg lys sirup («Eldorado»)
  • 0.175 kg Carapils spesialmalt
  • 0.125 kg Caraamber spesialmalt
  • 70 g Chinook humlepellets
  • Turrhumle: 30 g Centennial
  • Vatn til 21 L

Spesialmalt knust på foodprosessor.  Trekt 30 min i humlepose rett i kjelen, frå 65 til 74 grader.

40 g humle frå kokt i 45 min med 8 L vatn, halvparten av maltekstrakta i etter 5 min, 20 g etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten og sirupen på siste oppkok. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 21 L. Sprek vørter med lang bittersmak.
2016-02-08: Sett med 11.5 g US-05 ved 22 grader. Strødd direkte i dunken, kraftig omrøring etter 30 min.
2016-02-10: Til 18 grader
2016-02-15: Turrhumla med 30 g Centennial. Flytt til 22 grader.
2916-02-18: Til 12 grader.
2015-02-21: Tappa på 38 0.5 L flasker, svart kork. 5 ml sukkerlake på kvar flaske, 170 g sukker til 250 ml vatn. Godt utgjæra, FG 1.007.
OG 1.050, FG 1.007, ABV 5.64%, ca 5.9 med flaskegjæring.

Brygg #26 Husets pils

Pils – kopi av brygg #23, som vart svært bra. Gjenbruk av gjær frå #23, som  har stått i kjøleskåp ein månad.

  • 3.0 kg Pilsner Light LME
  • 0.20 kg lys sirup («Eldorado»)
  • 0.20 kg Carapils spesialmalt
  • 70 g Centennial humle, pellets
  • 30 g Hallertau Mittelfrüh
  • Vatn til 21.5 L

Spesialmalt i foodprocessor (8 s).  Trekt 30 min i humlepose i bryggekar, vasstemperatur 65-72 grader.

Kokt med 8 L vatn i 40 min, 40 g humle frå start, halvparten av maltekstrakten i etter 5 min, 20 g humle etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten og sirupen i når varmen er slått av. Kjøling ute i 13 kuldegrader, går likevel seint. Kaldt vatn til 21.5  L. Vørteren verkar fin – lys, moderat bitter og nøytral aroma. OG 1.048.

2016-01-07: Brygget sett med ca 0.3 l gjærslurry frå etter å ha stått over natta ved 6 grader. Temperatur på vørteren 9 grader. Sett til gjæring ved 9 grader. Tek eit par dagar før det er full fart i dunken. Temperatur på rundt 12 grader.
2016-01-15: Flytta til 12 grader. Tørrhumla med 30 g Hallertau Mittelfrüh. Ser ut og smakar bra, bortsett frå ein svak såpebismak. SG 1.013.
2016-01-17: Flytt til 14 grader.
2016-01-19: Flytt til 20 grader, seinare til 18. Diacetyl-kvile.
2016-01-21: Attende til 14 grader. SG 1.010. Framleis ei aning av såpe.
2016-01-24: Flytt til 20 grader, ny runde diacetyl-kvile.
2016-01-29: Flytt til 12 grader att.
2016-02-07: Tappa på 37 0.5 l flasker og to 0.33. Stakk nok heverten litt djupt, så det vart med ein del botnfall. Ellers klart og fint, smaken er lovande, såpeantydningen er borte. Har likevel slege ut gjæren, ingen gjenbruk denne gongen.

Tappa på 37 0.5 l flasker pluss to 0.33 l. 5 ml sukkerlake pr flaske, 177 g sukker til 250 ml vatn. Sett til flaskegjæring vad ca 22 grader.

OG 1.048, FG 1.008. ABV 5.25%, med flaskegjæring ca 5.5%.

 

Brygg #25 «2016»

Pale ale, eiga oppskrift.

  • 1.5 kg Briess Munich LME
  • 1.5 kg Briess Golden Light LME
  • 0.27 kg lys sirup («Eldorado»)
  • 0.30 kg Carapils spesialmalt
  • 70 g Chinook humlepellets
  • 33 g East Kent Goldings humlepellets
  • Vatn til 21 L

Spesialmalt malt på foodprosessor.  Trekt 30 min i humlepose rett i kjelen, frå 65 til 74 grader.

Halvparten av maltekstrakta kokt med 8 L vatn i 45 min, 40 g humle frå start, 20 g etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten og sirupen på siste oppkok. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 21 L. Sprek vørter med lang bittersmak.

2015-11-28: Brygget sett med 3 dl gjærslurry frå brygg #22 (US-05) ved 20 grader.
2015-12-03: SG 1.1010. Turrhumling med 33 g East Kent Goldings pellets. Ser bra ut og smakar bra.
2015-12-12: Til 10 grader.
2015-12-14: Tappa på 38 0.5 L flasker, grønn kork. 5 ml sukkerlake på kvar flaske, 160 g sukker til 250 ml vatn. Godt utgjæra, FG 1.006. Lovande.
OG 1.050, FG 1.006, ABV 5.78%, ca 6.0 med flaskegjæring.

2016