Pils – kopi av brygg #23, som vart svært bra. Gjenbruk av gjær frå #23, som har stått i kjøleskåp ein månad.
- 3.0 kg Pilsner Light LME
- 0.20 kg lys sirup («Eldorado»)
- 0.20 kg Carapils spesialmalt
- 70 g Centennial humle, pellets
- 30 g Hallertau Mittelfrüh
- Vatn til 21.5 L
Spesialmalt i foodprocessor (8 s). Trekt 30 min i humlepose i bryggekar, vasstemperatur 65-72 grader.
Kokt med 8 L vatn i 40 min, 40 g humle frå start, halvparten av maltekstrakten i etter 5 min, 20 g humle etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten og sirupen i når varmen er slått av. Kjøling ute i 13 kuldegrader, går likevel seint. Kaldt vatn til 21.5 L. Vørteren verkar fin – lys, moderat bitter og nøytral aroma. OG 1.048.
2016-01-07: Brygget sett med ca 0.3 l gjærslurry frå etter å ha stått over natta ved 6 grader. Temperatur på vørteren 9 grader. Sett til gjæring ved 9 grader. Tek eit par dagar før det er full fart i dunken. Temperatur på rundt 12 grader.
2016-01-15: Flytta til 12 grader. Tørrhumla med 30 g Hallertau Mittelfrüh. Ser ut og smakar bra, bortsett frå ein svak såpebismak. SG 1.013.
2016-01-17: Flytt til 14 grader.
2016-01-19: Flytt til 20 grader, seinare til 18. Diacetyl-kvile.
2016-01-21: Attende til 14 grader. SG 1.010. Framleis ei aning av såpe.
2016-01-24: Flytt til 20 grader, ny runde diacetyl-kvile.
2016-01-29: Flytt til 12 grader att.
2016-02-07: Tappa på 37 0.5 l flasker og to 0.33. Stakk nok heverten litt djupt, så det vart med ein del botnfall. Ellers klart og fint, smaken er lovande, såpeantydningen er borte. Har likevel slege ut gjæren, ingen gjenbruk denne gongen.
Tappa på 37 0.5 l flasker pluss to 0.33 l. 5 ml sukkerlake pr flaske, 177 g sukker til 250 ml vatn. Sett til flaskegjæring vad ca 22 grader.
OG 1.048, FG 1.008. ABV 5.25%, med flaskegjæring ca 5.5%.