Brygg #27 Weizen

Fyrste freistnad på kveiteøl. Det vert ikkje enklare enn dette. Briess Bavarian Wheat er 65 % kveite og 35 % bygg, så sluttmixen ver 1/3 kveite, 2/3 bygg.

  • 1.5 kg Briess Golden Light LME
  • 1.5 kg Briess Bavarian Wheat LME
  • 40 g Hallertau Mittelfrüh, pellets
  • Safbrew WB-06 (11.5 g)
  • Vatn til 20 L

Kokt med 8 L vatn i 40 min, 40 g humle frå start, halvparten av maltekstrakten frå start . Resten av maltekstrakten etter 30 min. Kjøling i snø, kald vatn til 20 L.

2016-01-18: Gjær sett direkte i vørter ved 25 grader, god omrøring etter 30 min.
2016-01-19: Flytt til kjellar, vørtertemperatur 18 grader. Full fart i gjæringa.
2016-01-30: Stadig 18 grader. SG 1.008. Lovande smak. Flytt til 12 grader.
2016-02-04: Tappa på 37 flasker, kvit kork. Sukkerlake 200 g på 250 ml vatn, 5 ml pr flaske. Sett til 22 grader.

OG 1.045, FG 1.008. ABV 4.9 pluss ca 0.3 for flaskegjæring.

Vart svært bra. Litt snill kanskje, utan sterke karaktertrekk, men typerett kveiteøl. Lettbrygga og fort ferdig (og fort oppdrukken).

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s