steam beer

Brygg #33 Ankerøl II

Anchor steam klone, nytt brygg over samme lest som #32

Attbruk av gjær frå #31.

  • 1.5 kg Pilsner Light LME
  • 1.5 kg Golden Light LME
  • 0.20 kg lys sirup (svenskesirup)
  • 0.20 kg Carahell spesialmalt
  • 80 g Northern Brewer humle, pellets
  • Gjær Saflager 34/70, frå brygg #31
  • Vatn til 21 L

Spesialmalt i foodprocessor (10 s).  Trekt 30 min i humlepose i bryggekar, vasstemperatur 65-75 grader.

Kokt med 8 L vatn i 45 min, 30 g humle frå start oghalvparten av maltekstrakten. 20 g humle etter 25 min, 30 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten og sirupen i når varmen er slått av. Kaldt vatn til 21  L. Vørteren verkar fin – lys,  ganske solid bittring og nøytral aroma. OG 1.051.

2016-06-13: Brygget sett med ca 0.4 l gjærslurry. Temperatur på vørteren 17 grader. Til gjæring ved ca 18 grader.
2016-06-15: Full fart i dunken, 20 grader. Sterk svovelutvikling.
2016-06-18: Stormgjæringa over. 20 grader.
2016-06-22: SG 1.009. 20 grader. Lovande smak og aroma
2016-06-23: Tappa på 35 0.5 L flaker, 5 0.33 L. Klar grønn kork. 5 ml sukkerlake pr 0.5 L flaske, 180 g sukker til 250 ml vatn
 
OG 1.051, FG 1.009, ABV 5.5% pluss flaskegjæring, ca 5.8 %.

Brygg #32 Ankerøl

Anchor steam klone, basert på oppskrift frå American Homebrewers Association http://www.homebrewersassociation.org/homebrew-recipe/anchor-steam-clone/

Attbruk av gjær frå #31.

  • 1.5 kg Pilsner Light LME
  • 1.5 kg Golden Light LME
  • 0.20 kg lys sirup (svenskesirup)
  • 0.20 kg Carahell spesialmalt
  • 80 g Northern Brewer humle, pellets
  • Gjær Saflager 34/70, frå brygg #31
  • Vatn til 21 L

Spesialmalt i foodprocessor (10 s).  Trekt 30 min i humlepose i bryggekar, vasstemperatur 65-75 grader.

Kokt med 8 L vatn i 45 min, 30 g humle frå start oghalvparten av maltekstrakten. 20 g humle etter 25 min, 30 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten og sirupen i når varmen er slått av. Kaldt vatn til 21  L. Vørteren verkar fin – lys,  ganske solid bittring og nøytral aroma. OG 1.048.

2016-05-24: Brygget sett med ca 0.4 l gjærslurry. Temperatur på vørteren 17 grader. Til gjæring ved ca 18 grader.
2016-06-02: SG 1.008. Litt anonymt, pilskarakter.
2016-06-04: FG 1.008. Tappa, sukkerlake 180 g sukker til 250 ml vatn, 5 ml pr flaske. Ny 2-håndskorkar frå Europris (ny, grå type, Made in Italia) knuste flaskehals og spreidde fine glasbrot etter 10 flasker. Turde ikkje anna enn å slå ut flaskene som ikkje var korka, ettersom flaskene kunne fått glasbrot frå den knuste flaska og eg ikkje hadde filter tilgjengeleg, Grøn kork. Fyrste uhell!
OG 1.048,FG 1.008. ABV 5.0, pluss flaskegjæring, ca 5.3%.