Spalt Select

Brygg #34 Midnattsol

Kveiteøl – weizen. Briess Bavarian Wheat er 65 % kveite og 35 % bygg, så sluttmixen ver 1/3 kveite, 2/3 bygg.

  • 1.5 kg Briess Pilsen Light LME
  • 1.5 kg Briess Bavarian Wheat LME
  • 40 g Spalt select, pellets
  • 5 g Northern Brewer
  • Safbrew WB-06 (attbruk frå #30)
  • Vatn til 20 L

Kokt med 8 L vatn i 45 min, 45 g humle frå start, halvparten av maltekstrakten frå start . Resten av maltekstrakten til slutt. Kjøling i vassbad, kaldt vatn til 20 L. OG 1.046.
2016-06-23: Ca 3 dl kompakt gjærslurry frå #34 sett  ved 20 grader, god omrøring.
2016-07-22: Har stått ved 18-22 grader, går litt heilt til slutt. Tappa på 35 0.5 L flasker og 4 0.33. Gul kork. Karbonert med 10 ml sukkerlake pr l, styrke 250 g sukker til 250 ml vatn. Sett til flaskegjæring ved 25 grader. FG 1.005, likevel fin fylde.
OG 1.046, FG 1.005, ABV 4.73, ca 5.1 etter flaskegjæring.
2016-07-31: Prøvesmaking: Manglar enno litt kolsyre, men ellers heilt fortreffeleg!
2017-11-20: Siste flaske – ein fint avrunda Weissbier. Paseleg med kolsyre. Bør bryggast meir!

 

Brygg #30 Dunkel

Dunkelweizen, basert på #27. Briess Bavarian Wheat er 65 % kveite og 35 % bygg, så sluttmixen vert 1/3 kveite, 2/3 bygg.

  • 1.5 kg Briess Munich LME
  • 1.5 kg Briess Bavarian Wheat LME
  • 40 g Spalt Select
  • Safbrew WB-06 – slurry frå #27
  • Vatn til 20 L

Kokt med 8 L vatn i 40 min, 40 g humle frå start, halvparten av maltekstrakten frå start . Resten av maltekstrakten etter 30 min. Kjøling, kald vatn til 20 L.

2016-03-23: Gjærslurry, 300 g frå #27. Vørtetertemperatur 18 grader. Sett til gjæring ved 18 grader.
2016-03-31: Ikkje liv i gjærlåsen. SG 1.008. Litt lysare enn venta, men god på smak. Moderat kveitepreg, men fin, lang ettersmak.
2016-04-02: Flytt til 12 grader.
2016-04-10: Tappa på 37 flasker, mørkegrønn kork. Sukkerlake 200 g på 250 ml vatn, 5 ml pr flaske. Sett til 22 grader.
2016-04-24: Til kjellarlagring.

OG 1.045, FG 1.011. ABV 4.6 pluss ca 0.3 for flaskegjæring.

Fin koparfarge, EBC ca 30. Nokså nøytral smak, men klart weizen-profil. Svært vellukka, fint både som matøl og koseøl.