saflager 34/70

Brygg #26 Husets pils

Pils – kopi av brygg #23, som vart svært bra. Gjenbruk av gjær frå #23, som  har stått i kjøleskåp ein månad.

  • 3.0 kg Pilsner Light LME
  • 0.20 kg lys sirup («Eldorado»)
  • 0.20 kg Carapils spesialmalt
  • 70 g Centennial humle, pellets
  • 30 g Hallertau Mittelfrüh
  • Vatn til 21.5 L

Spesialmalt i foodprocessor (8 s).  Trekt 30 min i humlepose i bryggekar, vasstemperatur 65-72 grader.

Kokt med 8 L vatn i 40 min, 40 g humle frå start, halvparten av maltekstrakten i etter 5 min, 20 g humle etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten og sirupen i når varmen er slått av. Kjøling ute i 13 kuldegrader, går likevel seint. Kaldt vatn til 21.5  L. Vørteren verkar fin – lys, moderat bitter og nøytral aroma. OG 1.048.

2016-01-07: Brygget sett med ca 0.3 l gjærslurry frå etter å ha stått over natta ved 6 grader. Temperatur på vørteren 9 grader. Sett til gjæring ved 9 grader. Tek eit par dagar før det er full fart i dunken. Temperatur på rundt 12 grader.
2016-01-15: Flytta til 12 grader. Tørrhumla med 30 g Hallertau Mittelfrüh. Ser ut og smakar bra, bortsett frå ein svak såpebismak. SG 1.013.
2016-01-17: Flytt til 14 grader.
2016-01-19: Flytt til 20 grader, seinare til 18. Diacetyl-kvile.
2016-01-21: Attende til 14 grader. SG 1.010. Framleis ei aning av såpe.
2016-01-24: Flytt til 20 grader, ny runde diacetyl-kvile.
2016-01-29: Flytt til 12 grader att.
2016-02-07: Tappa på 37 0.5 l flasker og to 0.33. Stakk nok heverten litt djupt, så det vart med ein del botnfall. Ellers klart og fint, smaken er lovande, såpeantydningen er borte. Har likevel slege ut gjæren, ingen gjenbruk denne gongen.

Tappa på 37 0.5 l flasker pluss to 0.33 l. 5 ml sukkerlake pr flaske, 177 g sukker til 250 ml vatn. Sett til flaskegjæring vad ca 22 grader.

OG 1.048, FG 1.008. ABV 5.25%, med flaskegjæring ca 5.5%.

 

Brygg #23 Husets pils

Pils – eiga oppskrift.

  • 3.0 kg Pilsner Light LME
  • 0.27 kg lys sirup («Eldorado»)
  • 0.20 kg Carapils spesialmalt
  • 70 g Centennial humle, pellets
  • 30 g Saaz humle, pellets
  • Saflager W 34/70 (to pakker)
  • Vatn til 22 L

Spesialmalt i foodprocessor (8 s).  Trekt 35 min i 1.2 L mattermos, vatn på 72 grader. Silt i humlepose.

Kokt med 8 L vatn i 40 min, 40 g humle frå start, halvparten av maltekstrakten i etter 5 min, 20 g humle etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten og sirupen i når varmen er slått av. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 22 L. Vørteren verkar fin – lys, moderat bitter og nøytral aroma.
2015-11-01: Brygget sett med to pakker gjær etter å ha stått ute over natta ved 9 grader. Temperatur på vørteren 11 grader. Sett til gjæring ved 14 grader.
2015-11-08: Flytta til 18 grader.
2015-11-10: SG 1.012. Turrhumla med 30 g Saaz. Attende til 14 grader.
2015-11-20: SG 1.011. Mykje flokk på toppen, men lovande smak. 13 grader.
2015-12-04: Tappa på 36 0.5L flasker pluss tre 0.33. Sølv/gull kork. Sukkerlake: 165 g sukker til 250 ml vatn, 5 ml pr flaske. Sett til flaskegjæring ved 24 grader.
OG 1.048, FG 1.010; 5 % ABV pluss flaskegjæring, ca 5.3 til slutt..

Husets pils

Brygg #12 Vårpils

2015-01-27: Sett på Muntons Gold Continental Pilsner kit (EBC 5-7, EBU 25-33). To pakker Saflager 34/70, rett i dunken ved 22 grader, men i to omgangar med 30 min mellom og kraftig røring for begge etter 30 min. 13 L i dunken ved pitching. Kaldt vatn til 20.5 L, temperatur i vørter 17 grader.

Primærgjæring: Flytta til rom med 13 grader etter pitching.
Etter kvart ned til 11 grader.
2015-02-08: Nokså stille i gjærlåsen. Flytta til 16 grader.
2015-02-09: SG 1.012. Klar og fin. Turrhumla med 20 g Centennial pellets. Attende til 14 grader.
2015-02-19: Tappa på 38 0.5L flasker, lys blå kork. 5 ml sukkerlake på kvar, 150 g sukker til 250 ml vatn. 23 dagar i dunken.
Ser og smakar rett bra, rettnok ein del humleflokk, særlig fyrst og sist i tappinga. Sett på ca 24 grader.
OG 1.045, FG: 1.010, 4.6 ABV + flaskegjæring.
2015-03-01: Til kaldlager. Testflaske: Mykje kolsyre – i overkant? Klar, god smak, men ein del humleflokk. Mørkare i fargen enn #9 – set humlen farge?