pilsen light

Brygg #49 Ask

Märzen – eiga oppskrift.

  • 3.0 kg Pilsner Light LME (Briess)
  • 0.20 kg lys sirup («Dansukker Ljus Sirap»)
  • 0.20 kg Carapils spesialmalt
  • 25 g umerka humle, truleg Chinook, pellets
  • 30 g Saaz humle, pellets
  • Saflager W 34/70 (to pakker)
  • Vatn til 21 L

Spesialmalt i foodprocessor (10 s).  Trekt 30 min i humlepose i bryggekar, vasstemperatur 60-70 grader

Kokt med 8 L vatn og halvparten av maltekstrakten i 40 min, 30 g Chinook frå start, 20 g Mittelfrüh etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten og sirupen i ved avslutning. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 21 L. Lys, velsmakande vørter.

2018-11-23: Brygget sett med to pakker gjær. Temperatur på vørteren 14 grader. Sett til kald gjæring, temperatur ned til 9 grader. OG 1.053.
2018-11-25: Gjæringa er i gang. 9 grader i dunken.
2018-12-07: Til diacetyl-gjæring, 22 grader.
2018-12-09: Til sluttgjæring ved 8 grader.
2012-12-15: Tappa på 27 0.5 L flasker, 16 0.33. Gylden kork. 160 g sukker til 250 ml vatn i sukkerlaken, 10 ml/L. FG 1.011, 5.5 % ABV, ca 5.8 % etter flaskegjæring. EBC ca 30, IBU rundt 20. Maltekstrakten er frå eit lite fat og har stått ei stund, så den er mørkare enn typerett. Ølet er relativt mørkt i forhold til oppskrifta og ganske mjukt. Ligg nærare märzen enn helles. Juleøl light, lettdrukke og velsmakande ved tapping. Maltpreg. Sett til flaskegjæring ved ca 22 grader.

2019-02-28: Fast, fin skumtopp. Fin ravfarge. Nøytral aroma. Mindre maltpreg enn ved tapping. Frisk og lang ettersmak. Eit godt øl!

Advertisements

Brygg #48 -Juleale 2018

Amber ale med honning – eiga oppskrift. Variant av #46, stamfar Obamas White House Honey Ale.

  • 3.2 kg Briess Golden Light LME
  • 0.28 kg honning (Mørk blomsterhonning, import, Honningsentralen)
  • 0.20 kg brødsirup
  • 0.1 kg Carahell spesialmalt
  • 0.05 kg Carafa Special (?)
  • 0.25 kg Munich 25 EBC
  • 50 g Chinook pellets
  • Vatn til 21 L

Spesialmalt malt på foodprosessor. Trekt 30 min i humlepose rett i kjelen, rundt 70 grader.

Ein tredel av maltekstrakta kokt med 8 L vatn i 50 min, 30 g humle frå start, 10 g etter 35 min, 10 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten på siste oppkok, med honningen til slutt. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 21 L. Fin vørter, furu frå Chinook’en, litt honning i aroma og smak. Kan verte svært bra. EBC ca 30. OG 1.054.

2018-11-11: Brygget sett med ei pakke Safale US-05. 20 grader.
2018-11-17: Utgått – 24 grader.
2018-11-19: Sett kaldt, ca 10 grader. SG 1.11. Rund, men frisk, og fin bitter ettersmak.
2018-12-02: Tappa. 36 0.5 L flasker, mørk blå kork. 165 g sukker til 250 ml vatn, 10 ml pr 1 øl. FG 1.011. ABV 5.64%, ca 6% etter flaskegjæring.

Brygg #43 Saison

Saison – eiga oppskrift.

  • 2.45 kg Pilsner Light LME (Briess)
  • 0.5 kg Wheat DME (Briess)
  • 0.3 kg vanleg sukker
  • 60 g Northern Brewer pellets
  • 25 g Hallertau Mittelfrüh humle, pellets
  • 10 g Mangrove Jack’s M 29 French saison dry yeast
  • Vatn til 21 L

Kokt med 10 L vatn og maltekstrakten i 45 min, 40 g Northern Brewer frå start, 20 g  etter 30 min, 25 g Hallertau Mittelfrüh ved avslutning av koking. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 21 L. Mild vørter

2017-07-11: Brygget sett med rehydrert turrgjær. Temperatur på vørteren 25 grader. Sett til varm gjæring. Mild vørter, verkar typerett. Svært lovande!
2017-07-12: Gjæren reagerer godt – i gang etter ni timar, full fres etter 24. Temperatur i vørter 26 grader, to grader over romtemperatur.
2017-07-16: Utgjengen, SG 1.004. Farge EBC 16. Kveiten gjev tydeleg smak, og fylde til å ha så låg SG. Sett til kjellartemperatur.
2017-07-19: Tappa på 10 0.33 flasker med patentkork og 32 0.5 L flasker, kvit kork. Karbonert med sukkerlake,170 g sukker til 250 ml vatn, 10 ml pr liter.

Planlagt: OG 1.048, FG 1.011, ABV ca 4.9 %, IBU: 20, SRM 2.8 (Brewer’s Friend).
Målt: OG 1.049, FG 1.004, ABV 5.1%,5.4 etter flaskegjæring. Farge EBC 16 (SRM 8).
Eit rett så triveleg øl, lett, med eit innslag av kveite. Leskande.