pale ale

Brygg #53 Kölschich

Kölsch-inspirert lett ale, med US-05 gjær i staden for kölsch-gjær. Eiga oppskrift. Nokså lett koseøl er tanken. Eintype humle – Hallertau Mittelfrüh.

  • 2.3 kg Briess Pilsner Light DME
  • 0.3 kg Carapils spesialmalt
  • 100 g Hallertau Mittelfrüh humle, pellets 2.7 % alfa
  • Vatn til 19 L
  • US-05 ale-gjær

DME blanda ut i 9 L springvatn i bryggekaret. Spesialmalt køyrt i foodprocessor, trekt 30 min rett i karet, vatn på 70 grader.
Så koking i 40 min, 40 g humle frå start, 20 g etter 30 min, 20 g ved avslutning av koking (1 min).  Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 19 L.
2020-07-28: Sett gjær ved 16 grader, til gjæring ved 18 grader.
2020-07-29: Gjæringa så vidt i gang, SG 1.046. EBC ca 10. Litt honning i aroma og smak. Lovande!
2020-08-03: Stormgjæringa over, SG 1.010. Svak aroma, litt anonym på smak. Høveleg bitter – rundt 10 IBU? Tørrhumla med 20 g Mittelfrüh.
2020-08-09: Mykje humle på topp enno, rørt inn. SG 1.005. Litt høy i aroma. Fin fylde, litt sitrus. Klar til tapping.
2020-08-10: Tappa på 25 0.5L flasker, kvit kork, og 11 0.33L flaske. Karbonert med 160 mg sukker til 250 mL vatn, 5 mL på kvar flaske. Sett til flaskegjæring ved ca 24 grader.
2020-xx-xx: Sett på kjølelager.
OG 1.046, FG  1.005, 5.4% AVB. Med flaskesukkeret skulle det verte ca 5.7% ABV.

Brygg #36 Haustjamning

Pale ale, eiga oppskrift.

  • 1.5 kg Briess Pilsen Light  LME
  • 1.5 kg Briess Golden Light LME
  • 0.30 kg lys sirup (Dansukker Ljus sirap)
  • 0.30 kg Carahell spesialmalt
  • 70 g Centennial humlepellets
  • Vatn til 22 L

Spesialmalt malt på foodprosessor.  Trekt 30 min i humlepose rett i kjelen, frå 65 til 70 grader.

Halvparten av maltekstrakta kokt med 8 L vatn i 45 min, 40 g humle frå start, 20 g etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten og sirupen på siste oppkok. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 22 L. Vørter smakar bra, moderat bitter.

2016-09-24: Brygget sett med 4 dl gjærslurry frå brygg #35 (US-05) ved 20 grader.

2016-10-12: Temperaturenen ned i 18 grader, utgjenge. Tappa på 36 0.5 L flasker (blå kork) og 5 0.33 L. Sukkerlake 180 g sukker til 250 ml vatn, 5 ml til 0.5 L. Fin smak, kan nok tole litt meir bitterhumle. Sett til flaskegjæring ved 24 grader.

OG 1.049,  FG 1.008, ABV 5.4 % + 0.3 for flaskegjæring.

36-haust

Brygg #10 Torreøl

2015-01-02: Sett på Bryggselv sitt American Pale Ale ekstraktsett (IBU 30-45, EBC 5-6). Humle: Cascade. Vatn til 20L. Safale US-5 11,5 g tørrgjær rett i dunken ved 22 grader.
Gjæring ved 18 grader, auking til 24 etter to veker.
2015-01-16: SG 1.010 – fin smak og farge. Går litt enno.
Senka temperatur til 13 grader for skirning i to døgn – ser ikkje ut til å gje stort utslag på klarning
2015-01-19: Flasking, 36 0.5L flasker, gylden kork. Karbonering: Sukkerlake, 150 g sukker til 250 mL vatn, 5 ml pr flaske.
Lite bittersmak, ikkje klart, ellers bra.
OG 1.044, FG 1.009, ABV ca 4.7 pluss flaskegjæring.

Torre APA