ombruk av gjær

Brygg #46 Smedhaugen WH Ale

Amber ale med honning – eiga oppskrift. Vidareutvikling av #45.

  • 3.2 kg Briess Golden Light LME
  • 0.25 kg honning (Mørk blomsterhonning, import, Honningsentralen og tysk imker-honning)
  • 0.15 kg brødsirup
  • 0.4 kg Caraamber spesialmalt
  • 100 g Bramling Cross pellets
  • Vatn til 21 L

Spesialmalt malt på foodprosessor.  Trekt 30 min i humlepose rett i kjelen, rundt 65 grader.

Ein tredel av maltekstrakta kokt med 9 L vatn i 45 min, 50 g humle frå start, 30 g etter 30 min, 20 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten på siste oppkok, med honningen til slutt. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 21 L. Mild vørter, litt honning i aroma og smak. Kan verte svært bra. EBC ca 25. OG 1.057.

2018-01-20: Brygget sett med ca 0.5 l slurry frå #45. 20 grader.
2018-01-30: Sett til 24 grader for diacetyl-kvile.
2018-02-02: Sett kaldt, 5 grader.
2018-02-03: Tappa på 12 0.33 L flasker, 31 0.5 L flasker, blå kork. 10 ml sukkerlake pr liter, 170 g sukker til 250 ml vatn. FG 1.012. Farge ca 30 EBC, ein god del trub. God maltfylde, låg bitring. Lovande.
Til flaskegjæring ved 24 grader.

ABV 5.9 pluss flaskegjæring, ca 6.2%.

Advertisements

Brygg #17 Jonsokpils

2015-04-30: Samme oppskrift som #13. Muntons Gold Continental Pilsner kit (EBC 5-7, EBU 25-33), vatn til 21 L. Gjær frå #13, ca 250 ml slurry, sett ved 15 grader.

2015-05-08: Tørrhumla med 20 g Centennial. Flytta til 18 grader. SG 1.012, litt liv i gjæren.
2015-05-11: Attende til 15 grader.
2015-05-28: Tappa på 39 0.5 L flasker, metallfarga/kvit kork. 5 ml sukkerlake pr flaske, 160 g sukker til 250 ml vatn. Sett til flaskegjæring ved ca 24 grader.

OG 1.046, FG 1.010, 5% ABV + flaskegjæring
Svært bra. Centennial fungerer fint til turrhumling her.

16-russeale

Brygg #15 Maipils

2015-03-29: Samme oppskrift som #13. Muntons Gold Continental Pilsner kit (EBC 5-7, EBU 25-33), vatn til 21 L. Gjær frå #13, ca 500 ml tunn slurry, delvis silt, sett ved 12 grader.

2015-04-06: SG 1.010. Litevetta anonym. Turrhumla med 30 g Saaz. Flytta til 18 grader (diacetyl-kvile)
2015-04-08: Attende til 14 grader.
2015-04-30: Tappa på 39 0.5 L flasker, mørkegrønn kork. 5 ml sukkerlake pr flaske, 170 g sukker til 250 ml vatn. Sett til flaskegjæring ved ca 24 grader.
2015-05-11: Flaskelagring på 15 grader.

OG 1.046.
FG 1.008. ABV 5% pluss flaskegjæring.
2015-05-17: Til kaldlager.
Fin, men litt anonym pils. Toler ei sprekare humle enn Saaz.

Maipils

Brygg #13 Påskepils

2015-03-05: Sett på Muntons Gold Continental Pilsner kit (EBC 5-7, EBU 25-33), vatn til 21 L. Gjær frå #12, 250 ml tunn slurry, sett ved 14 grader.
Primærgjæring ved 11-13 grader.
2015-03-15: Primærgjæringa avslutta, flytta til 17 grader for diacetyl-kvile.
2015-03-16: SG 1.011. Tilsett 20 g Saaz humplepellets. Flytta til 19 grader.
2015-03-18: Attende til 11 grader.
2015-03-29: Tappa på 38 0.5 L flasker, og ei 0.33, gul kork. 5 ml sukkerlake pr flaske, 160 g sukker til 250 ml vatn. Sett til flaskegjæring ved ca 24 grader. Svært lovande smak og mild aroma. Lysare på fargen enn #12 – det ser at fargen frå humleblome har innverknad.

OG 1.046
FG 1.010. ABV 4.7% pluss flaskegjæring.