Münchner Dunkel

Brygg #31 Bayer

Münchner Dunkel- eiga oppskrift.

  • 3.0 kg Munich LME
  • 0.25 kg mørk sirup («Eldorado»)
  • 0.20 kg Caraamber spesialmalt
  • 30 g Chinook humle, pellets
  • 30 g Hallertau Spalt humle, pellets
  • Saflager W 34/70 – frå brygg #29
  • Vatn til 21 L

Spesialmalt i foodprocessor (8 s). Trekt 30 min i humlepose i bryggekar, vasstemperatur 65-75 grader

Kokt med 8 L vatn i 45 min, 30 g Chinook frå start, halvparten av maltekstrakten i etter 5 min, 20 g Spalt etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten og sirupen i ved avslutning. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 22 L.

2016-04-30: Brygget sett med ca 350 ml tett slurry frå brygg #29 etter kraftig røring. Temperatur på vørteren 12 grader. Store temperaturvariasjonar fyrste døgna – 10 til 15 grader. Så sett til kjellargjæring på 12 grader. Skittenbrun vørter, men svært lovande smak.
2016-05-03: Full fart på gjæringa, kraftig svovellukt. Står litt varmt, 14 grader i ølkjellaren, 16 grader i dunken.
2016-05-07: Sett til diacetyl-kvile ved 20 grader
2016-05-08: SG 1.012. Fin aroma, lovande smak og farge. Sett attende til 15 grader.
2016-05-20: SG 1.111. Klar til tapping – ser svært bra ut, både når det gjeld aroma og smak.
2016-05-21: Tappa på 37 0.5 L flasker, 3 0.33 L. Mørkeblå kork. Sukkerlake 170 g sukker til 250 ml vatn, 5 ml pr flaske (tre av flaskene kan ha fått dobbel dose. Flaskegjæring ved 22 grader. Fin gjærkake, teken vare på.
OG 1.050, FG 1.011, ABV 5.1%, ca 5.4 etter flaskegjæring.
2016-05-31: Til kaldlager.
Fin farge, aroma og smak. EBC ca 40, IBU også ca 40 Kanskje meir mørk lager enn Münchner dunkel som type.