Juleøl – bokktype. Eiga oppskrift med utgangspunkt i #37
- 0.9 kg Briess Sparkling Amber DME
- 2.1 kg Briess Pilsen light LME
- 0.4 kg mørk sirup
- 0.4 kg Munich III spesialmalt
- 70 g East Kent Goldings, pellets
- Krydder: 7 g hakka fersk chili, 5 g lett knust koriander
- Vatn til 18 L
Spesialmalt malt på foodprosessor. Trekt 40 min i humlepose rett i kjelen, frå 65 til 75 grader.
DME kokt med 9 L vatn i 45 min, 40 g humle frå start, 20 g etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking. Krydder med i humlepose siste 10 min. Resten av maltekstrakten og sirupen i på siste kok. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 18 L. Vørteren er lovande. Ikkje spesielt søt, krydderet kan berre anast, fin bittersmak. Farge ca 30 EBC.
2017-10-16: Brygget sett med 2 pakker Saflager W-34/70 ved 15 grader, til gjæring ved 10-15 grader. Gjæren hydrert i vørter fyrst.
2017-10-23: Stormgjæringa over, SG 1.016. Sett diacetylkvile ved 21 grader,
2017-10-25: Attende til 13 grader.
2017-10-01: Tappa på 28 0.5 L og 8 0.33 L flasker. Grønn kork. Karbonering 160 g sukker til 250 ml vatn sukkerlake, 10 ml pr liter øl. Stakk heverten litt djupt, så det er ein del trub i flaskene. Allereide eit godt øl – dette lovar bra. Farge stadig ca 30 EBC.
2017-10-18: Sett til kaldlagring.
OG 1.063, FG 1.012, ABV 6.7% pluss flaskegjæring, ca 7.0%