DME

Brygg #52 Humlesurr

Juleøl med honning – eiga oppskrift. Utgangspunkt Obamas White House Honey Porter.

  • 2.7 kg Briess Golden Light DME
  • 0.50 kg honning (Mørk blomsterhonning, import, Honningsentralen)
  • 0.20 kg mørk sirup
  • 0.30 kg Munich 25 EBC
  • 0.10 kg Carafa III
  • 40 g Pacific Gem pellets
  • Vatn til 20.5 L

Spesialmalt malt på foodprosessor. Trekt 30 min i humlepose rett i kjelen, rundt 70 grader. Humle: Pacific Gem pellets, 20 g 30 min, 10 g 10 min og 10 g ved slutt koking. Sakte kjøling – 50 grader etter 4 timer, så snøgt ned. Gjær direkte på skumtopp ved 20 grader. Farge: Brun, EBC ca 30. IBU ca 30 – ville vore rundt 20 ved rask avkjøling. OG 1.060. Vørter: Rund, moderat bitter, men lang bitter ettersmak. Kanskje ikkje den ideelle humla for juleøl – vi får sjå.

2019-11-28 Sett ved 20 grader.
2019-12-02 Stormgjæring over.
2019-12-06 Til 18 grader
2019-12-09 Ferdiggjæra, til 10 grader, FG 1.008.
2019-12-12 Tappa. 10 ml sukkerlake pr liter. 165 g sukker til 250 ml vatn

24 flasker 0.5 l, raud kork, 3 flasker a 0.7 l, svart kork, 14 flasker 0.35 l, patentkork (stort sett). Sett til flaskegjæring ved 24 grader.
ABV 6.8%, 7% etter flaskegjæring.

Bitringa er godt avrunda etter gjæringa, aroma av honning. Lovande, også som juleøl.

Brygg #43 Saison

Saison – eiga oppskrift.

  • 2.45 kg Pilsner Light LME (Briess)
  • 0.5 kg Wheat DME (Briess)
  • 0.3 kg vanleg sukker
  • 60 g Northern Brewer pellets
  • 25 g Hallertau Mittelfrüh humle, pellets
  • 10 g Mangrove Jack’s M 29 French saison dry yeast
  • Vatn til 21 L

Kokt med 10 L vatn og maltekstrakten i 45 min, 40 g Northern Brewer frå start, 20 g  etter 30 min, 25 g Hallertau Mittelfrüh ved avslutning av koking. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 21 L. Mild vørter

2017-07-11: Brygget sett med rehydrert turrgjær. Temperatur på vørteren 25 grader. Sett til varm gjæring. Mild vørter, verkar typerett. Svært lovande!
2017-07-12: Gjæren reagerer godt – i gang etter ni timar, full fres etter 24. Temperatur i vørter 26 grader, to grader over romtemperatur.
2017-07-16: Utgjengen, SG 1.004. Farge EBC 16. Kveiten gjev tydeleg smak, og fylde til å ha så låg SG. Sett til kjellartemperatur.
2017-07-19: Tappa på 10 0.33 flasker med patentkork og 32 0.5 L flasker, kvit kork. Karbonert med sukkerlake,170 g sukker til 250 ml vatn, 10 ml pr liter.

Planlagt: OG 1.048, FG 1.011, ABV ca 4.9 %, IBU: 20, SRM 2.8 (Brewer’s Friend).
Målt: OG 1.049, FG 1.004, ABV 5.1%,5.4 etter flaskegjæring. Farge EBC 16 (SRM 8).
Eit rett så triveleg øl, lett, med eit innslag av kveite. Leskande.

Brygg #14 Karins Ale

Enkel American Pale Ale, eiga oppskrift basert på spraymalt.

  • 2.8 kg Briess Golden Light DME
  • 0.5 kg mørk sirup (Eldorado)
  • 100 g Centennial humle, pellets
  • Vatn til 20 L

Halvparten av spraymalten kokt med 10 L vatn i ein time, 60 g humle frå start, 20 g etter 45 min, 20 g ved avslutning av koking. Resten av spraymalten og sirupen kokt med siste fem minutt. Kjøling berre med oppfylling av kaldt vatn til 20 L, og så kjøling ute (ca 8 grader). Tok langt tid – neste gong blir det kjøling av vørterpanna i vasken.

2015-03-11: Brygget sett, ei pakke Safale US-05 rehydrert og sett til ved 24 grader i vørteren. Flytta til 20 grader, så til 18.
2015-03-17: SG 1.012, går stadig. Turrhumla med 40 g Centennial pellets, flytta til 20 grader. Karakter: Turr IPA (som planlagt).
2015-03-29: Tappa på 35 0.5 L flasker, kvit kork. Karbonering med 5 ml sukkerlake, 150 g sukker til 250 ml vatn. Sett til flaskegjæring ved ca 24 grader.

OG 1.062, FG 1.008, ca 7% alkoholstyrke på flaska. Ein barsk Pale Ale, IPA-karakter. 

14-Karins_Ale