cascade

Brygg #16 Russeale

Red ale, eller American Amber Ale – eiga oppskrift.

  • 3.0 kg Briess Golden Light LME
  • 0.5 kg mørk sirup (Eldorado)
  • 0.4 kg Carared spesialmalt
  • 100 g Cascade humle, pellets
  • Vatn til 22 L

Spesialmalt køyrt i foodprocessor, trekt 30 min i 1.2 L mattermos, vatn på 70 grader (burde kanskje vore 80 grader). Silt i stort dørslag, og vaska med litt varmt vatn.

Halvparten av maltekstrakta kokt med 10 L vatn i ein liten time, 40 g humle frå start, 20 g etter 30 min, 20 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakta og sirupen kokt med siste fem minutt. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 22 L.

2015-03-30: Brygget sett med 3-4 dl gjærslurry frå brygg #14 ved 20 grader.
2015-04-06: SG 1.010. Svært lovande, solid kropp og middels bitter, ca 30 IBU? Lys ravraud. Turrhumla med 20 g Cascade. Temperaturen opp til 22 grader.
2015-04-07: Attende til 14 grader.
2015-04-25: Tappa på 39 0.5 L flasker, raud kork. Karbonering med 5 ml sukkerlake, 160 g sukker til 250 ml vatn. Sett til flaskegjæring ved ca 24 grader.
OG 1.050, FG 1.008, ABV ca 5.5 + flaskegjæring. Ravfarga med litt raudskjær. Rund, lang smak med fin bitter etterheng.

2015-05-08: Til lager.

Opsummering (2015-08-12): Vart eit svært godt brygg. Moderat bitring, rundt 20 IBU – men lang, nokså turr ettersmak. Mørk ravfarge, EBC ca 35. Fin, lett fruktig aroma, kan nok tole meir Cascade i turrhumlinga. Kanskje det beste av dei eigenkomponerte så langt
16-russeale