brown ale

Brygg #11 Gjø-øl

2015-01-19: Sett på Bryggselv sitt American Brown Ale kit (IBU 25, EBC 20). Humle: Centennial, Northern Brewer – heil humle i maltekstrakten. Vatn til 18L. Safale US-5 11,5 g tørrgjær rett i dunken.

Primærgjæring ved 20 grader.
2015-01-23: Turrhumling med 40g Centennial pellets. Sterk humlearoma i rommet dei fyrste dagane, så stilnar det. Burde truleg venta med turrhumlinga.
2015-01-29: Til 23 grader. SG 1.010. Overraskande lys, svevande humlerester. Flytta til 13 grader.
2015-02-02: Flokken har falle ut – tappa på 32 0.5L flasker pluss to 0.33. Svart kork. 150 g sukker til 250 ml vann, 5 ml pr flaske. Flaskegjæring på 22 grader.
OG 1.050, FG 1.010, 5.4% ABV pluss flaskegjæring, ca 5.7%.
2015-02-07: Fyrste smak – lovar svært bra. Tydlegare verknad av turrhumlinga enn venta. Til lager (11 grader).

Oppsummering (2015-09-08): IBU 25 stemmer bra, men EBC er vel heller rundt 35. Svært god brown ale. Fin aroma, litt honningpreg.

Torre APA

Brygg #6 Headcracker Barley Wine

Årets juleøl.

2014-10-24: Sett på Woolfordes Headcracker Real Ale Kit (Muntons).  Vatn til 14 L.

27 dagar primærgjæring ved varierande temperatur, 18 til 22 grader. Går ujamnt på slutten. Kan vere lurt å nytte merkegjær til denne.

OG 1.065, FG 1.019, altså ca 6.2% + flaskegjæring.

2014-11-20: Tappa på 0.5 L glasflasker, 24 stk, med ein sukkerbit, Dansukker røyrsukker, på kvar. Korkfarge: Grøn.

Resultat:
Stone Cliff Brown Ale

Brygg #5 Stone Cliff Brown Ale

2014-10-10: Sett på Bryggselv sitt American Brown Ale  (IBU 25, EBC 20). Humle: Centennial, Northern Brewer – heil humle i maltekstrakten. Vatn til 20L. Safale US-5 11,5 g tørrgjær rett i dunken.

14 dagar primærgjæring ved ca 18 grader.

OG 1.050, FG 1.016, altså ca ca 4.6% + flaskegjæring.

2014-10-23: Tappa på 0.5 L glasflasker, 35 stk, med ein sukkerbit, Dansukker røyrsukker, på kvar. Korkfarge: Svart.

Resultat: Mørkt brunt øl, godt både til mat og åleine. Bitrare enn f.eks. Newcastle Brown Ale – meir enn IBU 25 vil eg tru.
Stone Cliff Brown Ale