APA

Brygg #20 Indian Summer Pale Ale

Pale ale – eiga oppskrift. Nokså lett matøl er tanken. Eintype humle – Northern Brewer

  • 3.0 kg Briess Golden Light LME
  • 0.23 kg ljus sirap (Dansukker)
  • 0.2 kg Carapils spesialmalt
  • 100 g Northern Brewer humle, pellets
  • Vatn til 22.5 L
  • Ukjent gjær frå Muntons Continental Pilsner ølsett (merkt EAB 6G).

Spesialmalt køyrt i foodprocessor, trekt 30 min i 1.2 L mattermos, vatn på 70 grader. Silt i dørslag. Litt for grov maling.

Halvparten av maltekstrakta kokt med 10 L vatn i 45 min, 40 g humle frå start, 20 g etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking (1 min). Resten av maltekstrakta og sirupen i når varmen er slått av. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 22.5 L.

2015-08-01: Sett gjær ved 22 grader, til gjæring ved 20 grader.

2015-08-06: SG 1.014. Overraskande klart. Fin, litt snill på smak. Tørrhumla med 30 g Northern Brewer.

2015-08-16: Tappa på 40 0.5 L flasker pluss to halvflaske, gylden kork. 5 ml sukkerlake pr flaske, 180 g sukker til 250 ml vatn. Sett til flaskegjæring ved ca 24 grader.

OG 1.045, FG 1.011. 4.6% ABV pluss flaskegjæring. Litt mindre utgjæring enn med US-05. Lovande brygg. Fin humlearoma, fyldig smak. Passeleg med sukker til flaskegjæring. Svært nøgd.

 
Summerpale

 

Brygg #19 Summerpale

APA type – eiga oppskrift. Lett sommarøl, vonar eg.

  • 3.0 kg Briess Golden Light LME
  • 0.15 kg ljus sirap (Dansukker)
  • 0.15 kg lys sirup (Eldorado)
  • 0.2 kg Carared spesialmalt
  • 70 g Centennial humle, pellets, pluss 10 Centennial og 20 Saaz til turrhumling
  • Vatn til 22 L

Spesialmalt køyrt i foodprocessor, trekt 30 min i 1.2 L mattermos, vatn på 70 grader. Silt i stort dørslag, og vaska med litt varmt vatn.

Halvparten av maltekstrakta kokt med 11 L vatn i 45 min, 40 g humle frå start, 20 g etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking (1 min). Resten av maltekstrakta og sirupen i når varmen er slått av. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 22 L.

2015-06-24: Brygget sett med 4 dl gjærslurry frå brygg #18 (US-05) ved 24 grader. Sett til gjæring ved 20 grader.

2015-06-30: SG 1.010. Passeleg bittert, som planlagt. Fin smak, kanskje litt vel anonymt sjølv som sommarøl. Turrhumla med 10 g Centennial og 20 g Saaz.

2015-07-06: Tappa på 38 0.5 L flasker pluss ei halvflaske, gylden kork. 5 ml sukkerlake pr flaske, 160 g sukker til 250 ml vatn. Sett til flaskegjæring ved ca 24 grader.

OG 1.047, FG 1.007. ABV 5.25 pluss flaskegjæring.

Klarnar svært seint, men ellers eit godt og leskande øl – tippar IBU på ca 30. Litt raudskjær frå spesialmalten. EBC ca 30. Toler litt meir sukker til flaskegjæringa. Ganske nøytral aroma.

Summerpale

Brygg #14 Karins Ale

Enkel American Pale Ale, eiga oppskrift basert på spraymalt.

  • 2.8 kg Briess Golden Light DME
  • 0.5 kg mørk sirup (Eldorado)
  • 100 g Centennial humle, pellets
  • Vatn til 20 L

Halvparten av spraymalten kokt med 10 L vatn i ein time, 60 g humle frå start, 20 g etter 45 min, 20 g ved avslutning av koking. Resten av spraymalten og sirupen kokt med siste fem minutt. Kjøling berre med oppfylling av kaldt vatn til 20 L, og så kjøling ute (ca 8 grader). Tok langt tid – neste gong blir det kjøling av vørterpanna i vasken.

2015-03-11: Brygget sett, ei pakke Safale US-05 rehydrert og sett til ved 24 grader i vørteren. Flytta til 20 grader, så til 18.
2015-03-17: SG 1.012, går stadig. Turrhumla med 40 g Centennial pellets, flytta til 20 grader. Karakter: Turr IPA (som planlagt).
2015-03-29: Tappa på 35 0.5 L flasker, kvit kork. Karbonering med 5 ml sukkerlake, 150 g sukker til 250 ml vatn. Sett til flaskegjæring ved ca 24 grader.

OG 1.062, FG 1.008, ca 7% alkoholstyrke på flaska. Ein barsk Pale Ale, IPA-karakter. 

14-Karins_Ale