amber ale

Brygg #48 -Juleale 2018

Amber ale med honning – eiga oppskrift. Variant av #46, stamfar Obamas White House Honey Ale.

  • 3.2 kg Briess Golden Light LME
  • 0.28 kg honning (Mørk blomsterhonning, import, Honningsentralen)
  • 0.20 kg brødsirup
  • 0.1 kg Carahell spesialmalt
  • 0.05 kg Carafa Special (?)
  • 0.25 kg Munich 25 EBC
  • 50 g Chinook pellets
  • Vatn til 21 L

Spesialmalt malt på foodprosessor. Trekt 30 min i humlepose rett i kjelen, rundt 70 grader.

Ein tredel av maltekstrakta kokt med 8 L vatn i 50 min, 30 g humle frå start, 10 g etter 35 min, 10 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten på siste oppkok, med honningen til slutt. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 21 L. Fin vørter, furu frå Chinook’en, litt honning i aroma og smak. Kan verte svært bra. EBC ca 30. OG 1.054.

2018-11-11: Brygget sett med ei pakke Safale US-05. 20 grader.
2018-11-17: Utgått – 24 grader.
2018-11-19: Sett kaldt, ca 10 grader. SG 1.11. Rund, men frisk, og fin bitter ettersmak.
2018-12-02: Tappa. 36 0.5 L flasker, mørk blå kork. 165 g sukker til 250 ml vatn, 10 ml pr 1 øl. FG 1.011. ABV 5.64%, ca 6% etter flaskegjæring.

Advertisements

Brygg #46 Smedhaugen WH Ale

Amber ale med honning – eiga oppskrift. Vidareutvikling av #45.

  • 3.2 kg Briess Golden Light LME
  • 0.25 kg honning (Mørk blomsterhonning, import, Honningsentralen og tysk imker-honning)
  • 0.15 kg brødsirup
  • 0.4 kg Caraamber spesialmalt
  • 100 g Bramling Cross pellets
  • Vatn til 21 L

Spesialmalt malt på foodprosessor.  Trekt 30 min i humlepose rett i kjelen, rundt 65 grader.

Ein tredel av maltekstrakta kokt med 9 L vatn i 45 min, 50 g humle frå start, 30 g etter 30 min, 20 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten på siste oppkok, med honningen til slutt. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 21 L. Mild vørter, litt honning i aroma og smak. Kan verte svært bra. EBC ca 25. OG 1.057.

2018-01-20: Brygget sett med ca 0.5 l slurry frå #45. 20 grader.
2018-01-30: Sett til 24 grader for diacetyl-kvile.
2018-02-02: Sett kaldt, 5 grader.
2018-02-03: Tappa på 12 0.33 L flasker, 31 0.5 L flasker, blå kork. 10 ml sukkerlake pr liter, 170 g sukker til 250 ml vatn. FG 1.012. Farge ca 30 EBC, ein god del trub. God maltfylde, låg bitring. Lovande.
Til flaskegjæring ved 24 grader.

ABV 5.9 pluss flaskegjæring, ca 6.2%.

Brygg #22 Haustøl

American amber ale – eiga oppskrift.

  • 3.0 kg Briess Golden Light LME
  • 0.28 kg mørk sirup («Brødsirap»)
  • 0.23 kg Caraamber spesialmalt
  • 100 g Chinook humle, pellets
  • Vatn til 22.5 L

Prøvde meg med ei elektrisk kaffekvern for å male spesialmalt, men malinga vart for fin sjølv på grovaste stilling, foodprocessor fungerar betre.  Trekt 35 min i 1.2 L mattermos, vatn på 67 grader. Malten vart så fin at vatnet ikkje trengde inn overalt, så utnyttingsgraden vart nok låg, trass i den fine malinga. Silt i humlepose.

Halvparten av maltekstrakta kokt med 8 L vatn i 40 min, 40 g humle frå start, 20 g etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten og sirupen i når varmen er slått av. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 22.5 L. Vørteren verkar bra – middels bitter og god humlearoma.

2015-10-29: Brygget sett med 3 dl gjærslurry frå brygg #21 ved 22 grader.
2015-10-30: Sett til gjæring ved 20 grader.
2015-11-06: Attende til 22 grader. SG 1.012. Turrhumla med 30 g Chinook pellets.
2015-11-11: Til 14 grader
2015-11-15: Tappa på 40 0.5L flasker, svart kork, og to 0.33L flasker. Karbonert med 160 mg sukker til 250 mL vatn, 5 mL på kvar flaske. Sett til flaskegjæring ved ca 24 grader. Så langt smakar det bra.
2015-11-26: Til kjølelager, 12 grader. Klart og fint, ravfarge, EBC ca 30. Frisk, med IBU rundt 40, vil eg tru. Litt skogsaroma frå chinook-humla. Svært nøgd.

OG 1.046, FG 1.010. ABV 4.7% pluss flaskegjæring, altså ca 5%.

Rav