Brygg #44 Juleøl

Juleøl – bokktype. Eiga oppskrift med utgangspunkt i #37

  • 0.9 kg Briess Sparkling Amber DME
  • 2.1 kg Briess Pilsen light LME
  • 0.4 kg mørk sirup
  • 0.4 kg Munich III spesialmalt
  • 70 g East Kent Goldings, pellets
  • Krydder: 7 g hakka fersk chili, 5 g lett knust koriander
  • Vatn til 18 L

Spesialmalt malt på foodprosessor.  Trekt 40 min i humlepose rett i kjelen, frå 65 til 75 grader.

DME kokt med 9 L vatn i 45 min, 40 g humle frå start, 20 g etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking. Krydder med i humlepose siste 10 min. Resten av maltekstrakten og sirupen i på siste kok. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 18 L. Vørteren er lovande. Ikkje spesielt søt, krydderet kan berre anast, fin bittersmak. Farge ca 30 EBC.

2017-10-16: Brygget sett med 2 pakker Saflager W-34/70 ved 15 grader, til gjæring ved 10-15 grader. Gjæren hydrert i vørter fyrst.
2017-10-23: Stormgjæringa over, SG 1.016. Sett diacetylkvile ved 21 grader,
2017-10-25: Attende til 13 grader.
2017-10-01: Tappa på 28 0.5 L og 8 0.33 L flasker. Grønn kork. Karbonering 160 g sukker til 250 ml vatn sukkerlake, 10 ml pr liter øl. Stakk heverten litt djupt, så det er ein del trub i flaskene. Allereide eit godt øl – dette lovar bra. Farge stadig ca 30 EBC.
2017-10-18: Sett til kaldlagring.

OG 1.063, FG 1.012, ABV 6.7% pluss flaskegjæring, ca 7.0%

Reklame

Brygg #43 Saison

Saison – eiga oppskrift.

  • 2.45 kg Pilsner Light LME (Briess)
  • 0.5 kg Wheat DME (Briess)
  • 0.3 kg vanleg sukker
  • 60 g Northern Brewer pellets
  • 25 g Hallertau Mittelfrüh humle, pellets
  • 10 g Mangrove Jack’s M 29 French saison dry yeast
  • Vatn til 21 L

Kokt med 10 L vatn og maltekstrakten i 45 min, 40 g Northern Brewer frå start, 20 g  etter 30 min, 25 g Hallertau Mittelfrüh ved avslutning av koking. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 21 L. Mild vørter

2017-07-11: Brygget sett med rehydrert turrgjær. Temperatur på vørteren 25 grader. Sett til varm gjæring. Mild vørter, verkar typerett. Svært lovande!
2017-07-12: Gjæren reagerer godt – i gang etter ni timar, full fres etter 24. Temperatur i vørter 26 grader, to grader over romtemperatur.
2017-07-16: Utgjengen, SG 1.004. Farge EBC 16. Kveiten gjev tydeleg smak, og fylde til å ha så låg SG. Sett til kjellartemperatur.
2017-07-19: Tappa på 10 0.33 flasker med patentkork og 32 0.5 L flasker, kvit kork. Karbonert med sukkerlake,170 g sukker til 250 ml vatn, 10 ml pr liter.

Planlagt: OG 1.048, FG 1.011, ABV ca 4.9 %, IBU: 20, SRM 2.8 (Brewer’s Friend).
Målt: OG 1.049, FG 1.004, ABV 5.1%,5.4 etter flaskegjæring. Farge EBC 16 (SRM 8).
Eit rett så triveleg øl, lett, med eit innslag av kveite. Leskande.

Brygg #42 Münchner

Bayer, eiga oppskrift.

  • 3.0 kg Briess pilsen light LME
  • 0.25 kg mørk sirup
  • 0.40 kg CaraMunich III spesialmalt
  • 40 g Northern Brewer humle, pellets
  • 40 g Hallertau Mittelfrüh humle, pellets
  • Saflager W 34/70 – frå brygg #39
  • Vatn til 22 L

Spesialmalt i foodprocessor (10 s). Trekt 35 min i humlepose i bryggekar med 8 l vatn, vasstemperatur 65-75 grader. Har har hatt problem med å finne beste prosess her – ser ut til at det beste er å varme opp vatnet til høgste mesketemperatur, sørge for at posen med malt vert godt gjennomvæta, og så la temperaturen falle litt innan meskeintervallet.

40 g Northern Brewer pellets kokt saman med ca halvparten av maltekstrakten og spesialmaltavtrekket. Etter 30 min 30 g Hallertau Mittelfrüh, også pellets, og etter 45 min resten av maltekstrakten, sirup og 10 g Hallertau Mittelfrüh. Kjøling i vaskekum til 17 grader. Fyllt opp med vatn til 22 l, sett med ca 350 g tett gjærslurry ved 11 grader i dunken.

2017-04-01 OG 1.048. Lovande vørter, lett bitter ettersmak. Vert nok lettare enn #39, som var sett på Munich LME. OK det som vårøl. Sett til gjæring ved 11 grader.

2017-04-10 Stormgjæring over. Sett til diacetyl-kvile ved 17 grader.
2017-04-13 Flytta til 22 grader.
2017-04-16 Flytta til 11 grader att. SG 1.010. EBC ca 25. IBU 20 i fylgje Brewer’s Friend. Kan stemme. Lovande smak, type nærast «moderne mørk lager».
2017-05-02 Tappa på 12 0.33 l flasker, 30 0.5 L flasker, grøn kork. 180 g sukker til 250 ml vatn, 10 ml pr l. Klar og fin farge. Sett til flaskegjæring ved 22 grader.
OG 1.048, FG 1.009, ABV 5.0 %. Med flaskegjæring ca 5.3 %
2017-05-15 Sett til kaldlager.

Eit god øl!

 

Brygg #41 Vårpils

Pils – eiga oppskrift.

  • 3.0 kg Pilsner Light LME (Briess)
  • 0.20 kg lys sirup («Dansukker Ljus Sirap»)
  • 0.20 kg Carapils spesialmalt
  • 30 g Chinook humle, pellets
  • 30 g Hallertau Mittelfrüh humle, pellets
  • Saflager W 34/70 (to pakker)
  • Vatn til 22 L

Spesialmalt i foodprocessor (10 s).  Trekt 30 min i humlepose i bryggekar, vasstemperatur 60-70 grader

Kokt med 8 L vatn og halvparten av maltekstrakten i 40 min, 30 g Chinook frå start, 20 g Mittelfrüh etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten og sirupen i ved avslutning. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 22 L. Lys, velsmakande vørter.

2017-03-02: Brygget sett med to pakker gjær. Temperatur på vørteren 12 grader.  Ei pakke på toppen, så tredve minutt kvile, kraftig røring, neste pakke. 11 grader i dunken. Sett til kald gjæring, temperatur ned til 9 grader. Lite liv i gjærlåsen.
2017-03-05: Løfta temperaturen til 15 grader. God gjæring.
2017-03-06: Temperaturen ned til 11 grader.
2017-03-08: Til sluttgjæring ved 24 grader.
2017-03-09: Gjæringa slutt, SG 1.008. Sett kaldt.
2017-03-15: Tappa på 34 0.5 L flasker (gyllen kork) og 8 0.33 L flasker med patentkork. 10 ml sukkerlake pr l, lake av 170 g sukker til 250 ml vatn. EBC ca 8, gyllen tone. Nøytral på smak, turr. IBU ca 15, kunne nok hatt litt meir bitterhumle etter min smak. Ellers svært lovande. Til karbonering ved 22 grader.
2017-03-28: Sett til kaldlager, 4 grader.
2017-03-30: Prøveflaske. Anonym, litt lågt humla. Bør verte sprekare ved lagring.

OG 1.048, FG 1.008, ABV ca 5.25%, ca 5.5 etter flaskegjæring.

Røynslene til ein ekstraktbryggar

Etter 40 brygg, dei fyrste med ølsett og sidan med maltekstrakt, kan det vere på sin plass å oppsummere nokre røynsler. Eg bryggar berre med ekstrakt pluss spesialmalt, det er fyrst og fremst med omsyn til tidsforbruk og utstyrskrav. Så langt (bank i bordet) har ingen brygg gått feil, utanom at eg har knekt eit par flaskehalsa ved korking. Utriveleg nok, det.

  • Det viktigaste hjelpemidlet eg har er Starsan på sprayflaske (blandar ut sjølv). For å vaske dunkar brukar eg gjerne klorin (også på sprayflaske). Som nemnt har eg ikkje hatt infeksjonar.
  • Eg har to standard 30 l plastdunkar med lokk og gjærlås, litermarkeringar og «klistretermometer» på utsida. Ingen tappekran, tappar med hevert.
  • Kokar i 15 l kjele på komfyren, og kjøler i oppvaskkummen med rennande vatn – er heldig og har ein oppvaskkum som passar. Fyller opp i dunken med ukokt Oslo-vatn frå springen.
  • Stikk ikkje om.
  • Tappar alt på glasflasker, mest 0.5 l. Reingjeringa går greitt når flaskene vert skylt like etter bruk, lagra med botnen opp i kassene og så skylt med varmt vatn og får ein dæsj Starsan før tapping. Svært sjeldan det er naudsynt å ta fram flaskekosten.
  • Tappar som sagt med hevert. Brukte tappestang ei stund, men den gjekk stadig tett med humleflokk og anna godmæte, så eg har teke bort ventilen og stenger med fingarne (gummislange mellom dunk-stong og flaskestong). Det vert litt søl, men med eit plastlokk under flaskene går det bra. Startar tapping med å halde hevertslangen som ein U og fyller på med vatn med litt Starsan til den nesten slær attende i dunken, og tappar ut litt i ei skål fyrst.
  • Har så langt korka med håndkorkar, men etter eit par uhell med knust flaskehals har eg no gjenge til innkjøp av ein skikkelog nordmodell. Ellers sørger eg for å plukke med meg ølflasker med patentkork når eg kan – Flensburger pilsner i Nord-Tyskland er ein favoritt.
  • Flaskegjæring med sukkerlake, brukar 25 ml porsjoneringssprøyte frå apoteket, 10 ml/L. Sukkerlake: 150 til 200 g sukker til 250 ml vatn.
  • Skil på brygga med fargen på korken, men set merkelapp på alt eg gjev bort. Brukar «Beerlabelizer» (https://www.beerlabelizer.com/). Nå har eg berre blekkskrivar, og alle freistnader på å bruke mjølk som lim fører til utflytande merkelappar. Løysinga har vort kvitt skulelim langs dei to vertikale kantane.
  • Det gjeld å ha gode og systematiske arbeidsrutiner under flasking og korking.
  • Synes mange oppskrifter er unødvendig kompliserte, og set som regel saman noko sjølv, men gjerne med inspirasjon frå nettet. Har brukt «Brewer’s Friend» (http://www.brewersfriend.com/) ein god del, særleg når eg er på veg ut i ukjent lende. Brukar også alkoholkalkulatoren til Brewer’s Friend (http://www.brewersfriend.com/abv-calculator/). Ellers har eg ei basisoppskrift som eg brukar mykje. Fører bryggelogg (på nettet) – det er viktig for å lære.
  • Basisoppskrift, til 21 l vatn gjev den ein alkoholstyrke på rundt 5.5% ABV:
    • 3 kg flytande maltekstrakt (pilsen eller light, evt kveite)
    • 0.250 kg spesialmalt
    • 0.200 kg sirup (kan sikkert like gjerne bruke sukker)
    • humlepellets, gjerne rundt 100 g
  • Spesialmalt knuser eg i snøggmiksar, og trekker ein halvtime i bryggekjelen i humlepose mellom 60 og 70 grader. Dette er ikkje optimalt, verken knusinga eller trekkinga. Ei maltmølle hadde vore betre og gjeve jamnare maling, og ved trekking i humleposen kjem ikkje temperaturen kjem ikkje temperaturen snøgt nok opp i kjernen av maltballen. Eit alternativ er trekking i suppetermos og siling/filtrering over i bryggekjelen.
  • Kokar halvparten av ekstrakten saman med humle i 8 l vatn, og set til resten av maltekstrakten og sirup ved slutten av kokinga (vanlegvis 45 min). Når vørteren er kjølt fyller eg på med vatn frå springen.
  • Brukar berre turrgjær, mest Safale US-05 til ales og Saflager WP34/70 til lagertypar. Strør rett i dunken, utan å lage startar. Brukar om gjær fleir gonger, utan vasking – tek berre av ein halvliter eller så av trub og lagrar det kaldt til neste runde. Har gått svært bra, også med ganske lang lagring (opptil eit par månader).
  • Viktige hjelpemiddel ut over det som er nemnt over:
    • Hydrometer
    • Digitalt termometer
    • Digital vekt
    • Nøyaktige måleglas
    • Porsjoneringssprøyte
    • «Øltjuv»
  • Bryggeutstyr

    Bryggeutstyr

Brygg #40 Bière de Cologne

Ein ny variasjon over kölsch-temaet, med US-05 gjær i staden for kölsch-gjær. Eiga oppskrift. Nokså lett matøl er tanken.

  • 3.0 kg Briess Pilsner Light LME
  • 0.24 kg lys sirup
  • 0.25 kg Carapils spesialmalt
  • 40 g Chinook (bitterhumle)
  • 50 g Hallertau Mittelfrüh humle, pellets
  • Vatn til 21 L
  • 11.5 g US-05 ale-gjær (turrgjær)

Spesialmalt køyrt i foodprocessor, trekt i humlepose direkte i bryggekaret, lagt inn ved ca 40 grader, 40 min mellom 60 og 70 grader.
Halvparten av maltekstrakta kokt med 8 L vatn i 40 min, 40 g Chinook frå start, 20 g Mittelfrüh etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking sammen med resten av maltekstrakta og sirupen . Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 21 L. Lovande vørter, litt bitter ettersmak, så lys som det går med LME (ca EBC 12 ser det ut til).
2017-02-23: Sett gjær ved 14 grader, til gjæring ved 17 grader.
2017-02-24: Gjæring i gang etter 24 timar. Temperatur 13-14 grader.
2017-03-01: Stormgjæring over, temperatur i dunken 18 grader. Turrhumla med 20 g Mittelfrüh, flytta til 22 grader. SG 1.020. Svært lovande. Lyst, lett, med fin bitter ettersmak.
2017-03-04: Sett kaldt, ca 8 grader.
2017-03-12: Tappa på 33 0.5 L flasker og sju 0.33 L (Flensburger m/patentkork). 0.5 L-flaskene med lys grønn kork. 10 ml sukkerlake pr L, 170 g til 250 ml vatn. Sett til sekundærgjæring på flaske ved 24 grader.

Frisk, lett og turt øl, IBU ca 20 og EBC ca 12. Litt kort ettersmak.

OG 1.050, FG 1.009. ABV ca 5.4%, med flaskegjæring ca 5.7%. Litt sterkt til å vere typerett kölsch.

Brygg #39 Jims bayer

Bayer, basert på #31.

  • 3.0 kg Briess Munich LME
  • 0.25 kg mørk sirup
  • 0.20 kg Caraamber spesialmalt
  • 30 g Northern Brewer humle, pellets
  • 50 g Hallertau Mittelfrüh humle, pellets
  • Saflager W 34/70 – frå brygg #37
  • Vatn til 22 L

Spesialmalt i foodprocessor (10 s). Trekt 35 min i humlepose i bryggekar, vasstemperatur 65-75 grader
Kokt med 8 L vatn i 45 min, 30 g Northern Brewer og 10 g Mittelfrüh frå start, halvparten av maltekstrakten, 30 g Mittelfrüh etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten og sirupen i ved kokeavslutning. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 22 L.

2016-11-05: Brygget sett med ca 400 ml tett slurry frå brygg #37 etter kraftig røring. Temperatur på vørteren 14 grader, i rommet 12. Mild vørter med maltpreg. Ca 40 EBC.
2016-12-07: Tappa på 5 0.33 L, 30 0.5 L, gyllen kork. Karbonert med 10 ml sukkerlake pr L, 170 g sukker til 250 ml. Til flaskekarbonering ved 23 grader.

2016-12-22: Til kaldlager, 3-4 grader.

OG 1.050, FG 1.013, ABV 4.9 pluss flaskegjæring, 5.2 % til sammen. Honning i aroma, turka frukt antydning i smak. Fyldug, med lang ettersmak. Fint juleøl.

39-jims_bayer

 

Brygg #38 Nisseale

Red ale, engelsk type – eiga oppskrift. I stort lik #18.

  • 3.0 kg Briess Golden Light LME
  • 0.26 kg ljus sirap (Dansukker)
  • 0.3 kg Carared spesialmalt
  • 0.1  kg Caraamber spesialmalt
  • 30 g Centennial pellets
  • 30 g East Kent Golding pellets
  • 10 g Northern Brewer pellets
  • Vatn til 22 L

Spesialmalt malt på foodprosessor.  Trekt 40 min i humlepose rett i kjelen, frå 65 til 73 grader.

Halvparten av maltekstrakta kokt med 9 L vatn i 45 min, 40 g humle frå start, 20 g etter 30 min, 10 g (Northern Brewer) ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten og sirupen på siste oppkok. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 21.5 L.

2016-10-18: Brygget sett med 5 dl gjærslurry frå brygg #36 (US-05) ved 20 grader. Stort sett gjæra ved 20 grader.
2016-10-25: Flytta til 15 grader.
2016-11-06: Tappa på 38 0.5 L flasker, 4 0.33 L. Lilla kork.  10 ml sukkerlake pr liter, 175 g sukker til 250 ml vatn. Høveleg bitter, ca 30 IBU, litt lys, ca 28 EBC og lite raudfarge. God på smak, men kanskje litt lite spennande – turrhumling hadde nok gjort seg. Sett til flaskegjæring ved ca 23 grader, 14 dagar.

Fin etter flaskelagring og 10 dagar i kjellartemperatur. Aroma turka frukt, furu. Aning grapefrukt i smak.

OG 1.050, FG 1.010 – ABV 5.25 % pluss flaskegjæring, ca 5.5 %.

38-bjorneol

 

Brygg #37 Julebukk

Juleøl – bokktype. Eiga oppskrift.

  • 3.0 kg Briess Munich LME
  • 0.35 kg mørk sirup
  • 0.35 kg Carared spesialmalt
  • 70 g East Kent Goldings, pellets
  • Krydder: 7 g hakka fersk chili, 5 g lett knust koriander
  • Vatn til 16 L

Spesialmalt malt på foodprosessor.  Trekt 40 min i humlepose rett i kjelen, frå 65 til 75 grader.

Halvparten av maltekstrakta kokt med 8 L vatn i 45 min, 40 g humle frå start, 20 g etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking. Krydder med i humlepose siste 10 min. Resten av maltekstrakten og sirupen i på siste kok. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 16 L. Vørteren er lovande. Ikkje spesielt søt, krydderet kan berre anast, fin bittersmak.

2016-10-15/16: Brygget sett med 2 pakker Saflager W-34/70 ved 10 grader, til gjæring ved 13 grader.
2016-10-20: Stormgjæring over – 15 grader. Sett til diacetylkvile ved 20 grader.
2016-10-22: Attende til 15 grader
2016-10-29: Tappa på 25 0.5 L flasker, 4 0.33 L flasker, klar grønn kork. 10 ml sukkerlake pr liter, 160 g til 250 ml. Litt søtleg – karamellaktig, balansert bittert, IBU 28 ifylge kalkulator – kan stemme. Til flaskekarbonering ved 23 grader.

2016-11-15: Til kaldlager  (3-4 grader)

2016-12-23: Fyrste smak – superøl!

OG 1.066, FG 1.017, ABV 6.4 pluss flaskegjæring, dvs ca 6.7%.

37-julebukk

Brygg #36 Haustjamning

Pale ale, eiga oppskrift.

  • 1.5 kg Briess Pilsen Light  LME
  • 1.5 kg Briess Golden Light LME
  • 0.30 kg lys sirup (Dansukker Ljus sirap)
  • 0.30 kg Carahell spesialmalt
  • 70 g Centennial humlepellets
  • Vatn til 22 L

Spesialmalt malt på foodprosessor.  Trekt 30 min i humlepose rett i kjelen, frå 65 til 70 grader.

Halvparten av maltekstrakta kokt med 8 L vatn i 45 min, 40 g humle frå start, 20 g etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten og sirupen på siste oppkok. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 22 L. Vørter smakar bra, moderat bitter.

2016-09-24: Brygget sett med 4 dl gjærslurry frå brygg #35 (US-05) ved 20 grader.

2016-10-12: Temperaturenen ned i 18 grader, utgjenge. Tappa på 36 0.5 L flasker (blå kork) og 5 0.33 L. Sukkerlake 180 g sukker til 250 ml vatn, 5 ml til 0.5 L. Fin smak, kan nok tole litt meir bitterhumle. Sett til flaskegjæring ved 24 grader.

OG 1.049,  FG 1.008, ABV 5.4 % + 0.3 for flaskegjæring.

36-haust