Ukategorisert

Brygg #51 Askelóg

Kveiteøl – weizen, men brygga kaldt med lagergjær. Briess Bavarian Wheat er 65 % kveite og 35 % bygg, så sluttmixen ver 1/3 kveite, 2/3 bygg.

  • 1.5 kg Briess Pilsen Light LME
  • 1.5 kg Briess Bavarian Wheat LME
  • 45 g Saaz, pellets
  • 15 g Pacific Gem pellets 15.3 alfa
  • Saflager W 34/70 (attbruk frå #50)
  • Vatn til 20 L

Kokt med 9 L vatn i 45 min, Pacific Gem frå start og halvparten av maltekstrakten. Saaz inn etter 30 min. Resten av maltekstrakten til slutt. Kjøling i vassbad, kaldt vatn til 20 L. OG 1.050. Vørteren lovar bra – mild, med fin lett bitring som heng litt etter i ganen.
2019-04-12: Sett med ca 3 dl gjærslurry frå #50 ved 14 grader. Ned til 11 grader
2019-04-20: Temperaturen stege til 16 grader. SG 1.013. Sett til ettergjæring ved 22 grader.
2019-04-23: Attende til ca 15 grader.
2019-05-03: Tappa på 34 0.5 L flasker og 6 0.33 L, gyllen kork med «Finest»-merke. 10 ml sukkerlake pr liter, 180 g sukker til 250 ml vatn. FG 1.011, ABV 5.12 %, tilsvarer 5.4 etter flaskegjæring. Ravfarga øl (EBC ca 32), pilsliknande, lite innslag av kveiten anna enn litt fylde. Låg bitring, IBU ca 10. Lovande. Sett til flaskefjæring ved 22 grader.

Brygg #44 Juleøl

Juleøl – bokktype. Eiga oppskrift med utgangspunkt i #37

  • 0.9 kg Briess Sparkling Amber DME
  • 2.1 kg Briess Pilsen light LME
  • 0.4 kg mørk sirup
  • 0.4 kg Munich III spesialmalt
  • 70 g East Kent Goldings, pellets
  • Krydder: 7 g hakka fersk chili, 5 g lett knust koriander
  • Vatn til 18 L

Spesialmalt malt på foodprosessor.  Trekt 40 min i humlepose rett i kjelen, frå 65 til 75 grader.

DME kokt med 9 L vatn i 45 min, 40 g humle frå start, 20 g etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking. Krydder med i humlepose siste 10 min. Resten av maltekstrakten og sirupen i på siste kok. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 18 L. Vørteren er lovande. Ikkje spesielt søt, krydderet kan berre anast, fin bittersmak. Farge ca 30 EBC.

2017-10-16: Brygget sett med 2 pakker Saflager W-34/70 ved 15 grader, til gjæring ved 10-15 grader. Gjæren hydrert i vørter fyrst.
2017-10-23: Stormgjæringa over, SG 1.016. Sett diacetylkvile ved 21 grader,
2017-10-25: Attende til 13 grader.
2017-10-01: Tappa på 28 0.5 L og 8 0.33 L flasker. Grønn kork. Karbonering 160 g sukker til 250 ml vatn sukkerlake, 10 ml pr liter øl. Stakk heverten litt djupt, så det er ein del trub i flaskene. Allereide eit godt øl – dette lovar bra. Farge stadig ca 30 EBC.
2017-10-18: Sett til kaldlagring.

OG 1.063, FG 1.012, ABV 6.7% pluss flaskegjæring, ca 7.0%

Røynslene til ein ekstraktbryggar

Etter 40 brygg, dei fyrste med ølsett og sidan med maltekstrakt, kan det vere på sin plass å oppsummere nokre røynsler. Eg bryggar berre med ekstrakt pluss spesialmalt, det er fyrst og fremst med omsyn til tidsforbruk og utstyrskrav. Så langt (bank i bordet) har ingen brygg gått feil, utanom at eg har knekt eit par flaskehalsa ved korking. Utriveleg nok, det.

  • Det viktigaste hjelpemidlet eg har er Starsan på sprayflaske (blandar ut sjølv). For å vaske dunkar brukar eg gjerne klorin (også på sprayflaske). Som nemnt har eg ikkje hatt infeksjonar.
  • Eg har to standard 30 l plastdunkar med lokk og gjærlås, litermarkeringar og «klistretermometer» på utsida. Ingen tappekran, tappar med hevert.
  • Kokar i 15 l kjele på komfyren, og kjøler i oppvaskkummen med rennande vatn – er heldig og har ein oppvaskkum som passar. Fyller opp i dunken med ukokt Oslo-vatn frå springen.
  • Stikk ikkje om.
  • Tappar alt på glasflasker, mest 0.5 l. Reingjeringa går greitt når flaskene vert skylt like etter bruk, lagra med botnen opp i kassene og så skylt med varmt vatn og får ein dæsj Starsan før tapping. Svært sjeldan det er naudsynt å ta fram flaskekosten.
  • Tappar som sagt med hevert. Brukte tappestang ei stund, men den gjekk stadig tett med humleflokk og anna godmæte, så eg har teke bort ventilen og stenger med fingarne (gummislange mellom dunk-stong og flaskestong). Det vert litt søl, men med eit plastlokk under flaskene går det bra. Startar tapping med å halde hevertslangen som ein U og fyller på med vatn med litt Starsan til den nesten slær attende i dunken, og tappar ut litt i ei skål fyrst.
  • Har så langt korka med håndkorkar, men etter eit par uhell med knust flaskehals har eg no gjenge til innkjøp av ein skikkelog nordmodell. Ellers sørger eg for å plukke med meg ølflasker med patentkork når eg kan – Flensburger pilsner i Nord-Tyskland er ein favoritt.
  • Flaskegjæring med sukkerlake, brukar 25 ml porsjoneringssprøyte frå apoteket, 10 ml/L. Sukkerlake: 150 til 200 g sukker til 250 ml vatn.
  • Skil på brygga med fargen på korken, men set merkelapp på alt eg gjev bort. Brukar «Beerlabelizer» (https://www.beerlabelizer.com/). Nå har eg berre blekkskrivar, og alle freistnader på å bruke mjølk som lim fører til utflytande merkelappar. Løysinga har vort kvitt skulelim langs dei to vertikale kantane.
  • Det gjeld å ha gode og systematiske arbeidsrutiner under flasking og korking.
  • Synes mange oppskrifter er unødvendig kompliserte, og set som regel saman noko sjølv, men gjerne med inspirasjon frå nettet. Har brukt «Brewer’s Friend» (http://www.brewersfriend.com/) ein god del, særleg når eg er på veg ut i ukjent lende. Brukar også alkoholkalkulatoren til Brewer’s Friend (http://www.brewersfriend.com/abv-calculator/). Ellers har eg ei basisoppskrift som eg brukar mykje. Fører bryggelogg (på nettet) – det er viktig for å lære.
  • Basisoppskrift, til 21 l vatn gjev den ein alkoholstyrke på rundt 5.5% ABV:
    • 3 kg flytande maltekstrakt (pilsen eller light, evt kveite)
    • 0.250 kg spesialmalt
    • 0.200 kg sirup (kan sikkert like gjerne bruke sukker)
    • humlepellets, gjerne rundt 100 g
  • Spesialmalt knuser eg i snøggmiksar, og trekker ein halvtime i bryggekjelen i humlepose mellom 60 og 70 grader. Dette er ikkje optimalt, verken knusinga eller trekkinga. Ei maltmølle hadde vore betre og gjeve jamnare maling, og ved trekking i humleposen kjem ikkje temperaturen kjem ikkje temperaturen snøgt nok opp i kjernen av maltballen. Eit alternativ er trekking i suppetermos og siling/filtrering over i bryggekjelen.
  • Kokar halvparten av ekstrakten saman med humle i 8 l vatn, og set til resten av maltekstrakten og sirup ved slutten av kokinga (vanlegvis 45 min). Når vørteren er kjølt fyller eg på med vatn frå springen.
  • Brukar berre turrgjær, mest Safale US-05 til ales og Saflager WP34/70 til lagertypar. Strør rett i dunken, utan å lage startar. Brukar om gjær fleir gonger, utan vasking – tek berre av ein halvliter eller så av trub og lagrar det kaldt til neste runde. Har gått svært bra, også med ganske lang lagring (opptil eit par månader).
  • Viktige hjelpemiddel ut over det som er nemnt over:
    • Hydrometer
    • Digitalt termometer
    • Digital vekt
    • Nøyaktige måleglas
    • Porsjoneringssprøyte
    • «Øltjuv»
  • Bryggeutstyr

    Bryggeutstyr