Amber ale, eiga oppskrift, variant av #25 og #28, som vart svært bra.
- 1.5 kg Briess Munich LME
- 1.5 kg Briess Golden Light LME
- 0.32 kg mørk sirup («Brödsirap»)
- 0.300 kg Caraamber spesialmalt
- 70 g Chinook humlepellets
- 30 g Chinook turrhumle
- Vatn til 21 L
Spesialmalt knust på foodprosessor. Trekt 50 min i humlepose rett i kjelen, frå 65 til 74 grader (lenge kaldare i kjernen av posen)
30 g humle frå kokt i 45 min med 8 L vatn, halvparten av maltekstrakta i etter 5 min, 20 g etter 30 min, 20 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten og sirupen på siste oppkok. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 21 L. Sprek vørter med bra bittersmak, litt mildare enn #28.
2016-07-30: Sett med 11.5 g US-05 ved 22 grader. Strødd direkte i dunken, omrøring etter ein time.
2016-07-31: Går fint, temperatur 24 grader.
2016-08-02: 22 grader, SG 1.020. 1 cm krausen. Lovande smak og bitring.
2016-08-03: Stormgjæringa klart over, men stadig ein god del krausen. Turrhumla med 30 g Chinook.
2016-08-07: 21 grader, SG 1.009. Aroma og smak med harpiks og barnåler. Er vel Chinook’en som slær gjennom.
2016-08-08: SG 1.008. Går litt og mykje flokk, lit krausen-restar. Får stå nokre dagar til.
2016-08-15: Tappa på 35 0.5 L flasker, 4 0.33 L. Karbonering med sukkerlake, 180 g sukker til 250 ml vatn, 5 ml pr 0.5 l. Svart kork. Ein del humleflokk i suspensjon, men god på smak.
2018-02-11: Siste flaske.Flott, avrunda med ei svak portvinaktig søtaning.Honning i aromaen.
OG 1.048, FG 1.008, ABV 5.25 %, pluss flaskegjæring, 5.5 % til saman.