Pils – eiga oppskrift.
- 3.0 kg Pilsner Light LME
- 0.30 kg lys sirup («Eldorado»)
- 0.20 kg Carahell spesialmalt
- 30 g Centennial humle, pellets
- 30 g Hallertau Mittelfrüh humle, pellets
- Saflager W 34/70 (to pakker)
- Vatn til 22 L
Spesialmalt i foodprocessor (8 s). Trekt 30 min i humlepose i bryggekar, vasstemperatur 65-75 grader
Kokt med 8 L vatn i 40 min, 30 g Centennial frå start, halvparten av maltekstrakten i etter 5 min, 20 g Mittelfrüh etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking. Resten av maltekstrakten og sirupen i ved avslutning. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 22 L.
2016-03-20: Brygget sett med to pakker gjær. Temperatur på vørteren 12 grader. Kraftig røring, ei pakke på toppen, så tredve minutt kvile, kraftig røring, neste pakke, og siste røring etter nok ein halvtime. Store temperaturvariasjonar fyrste døgna – 10 til 15 grader. Så sett til kjellargjæring på 12 grader.
2016-03-29: Flytt til 18 grader. SG 1.012
2016-04-01: Attende til 12 grader
2016-04-22: Tappa og flaska. 39 0.5 L flasker, 3 0.33 L. Sølvfarga kork. 5 ml sukkerlake pr flaske, 180 g sukker til 250 ml vatn.
2016-04-30: Prøveflaske – bra med kolsyre, god smak og bitring. Ikkje heil klår.
2016-05-08: Til kaldlager.
OG 1.046, FG 1.008. ABV 4.73%, 5% etter flaskegjæring.
God pils med ganske solid kropp of farge, EBC ca 16. Det største problemet er å la den få nok tid på kaldlager!