Brygg #24 Juleøl

Juleøl – etter eige hovud etter å ha snoka rundt på Norbrygg etter gode idear.

  • 3.0 kg Briess Munich LME
  • 0.30 kg mørk sirup («Brødsirap»)
  • 0.35 kg Caraamber spesialmalt
  • 70 g East Kent Goldings, pellets
  • Krydder: 7g hakka fersk chili med frø, 14 g hakka fersk ingefær, 5 g lett knust koriander
  • Vatn til 16 L

Spesialmalt malt på foodprosessor.  Trekt 30 min i humlepose rett i kjelen, frå 65 til 74 grader.

Halvparten av maltekstrakta kokt med 8 L vatn i 45 min, 40 g humle frå start, 20 g etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking. Krydder med i humlepose siste 10 min. Resten av maltekstrakten og sirupen i når varmen er slått av. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 16 L. Vørteren er lovande. Ikkje spesielt søt, krydderet kan berre anast, fin bittersmak.

2015-11-15: Brygget sett med 3 dl gjærslurry frå brygg #22 (US-05) ved 22 grader.
2015-11-17: Sett til gjæring ved 20 grader.
2015-11-27: Tappa på 28 0.5 L flasker og ei 0.3 L flaske, raud kork. Karbonert med 5 ml sukkelake, 160 g sukker til 250 ml vatn. Lovar bra, lite sødme, kan ane krydderet. EBC ca 25?
OG 1.062, FG 1.013. ABV 6.4 pluss flaskegjæring – 6.7%.

Juleøl

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s