Brygg #21 Kölschich

Modifisert kölsch, med US-05 gjær i staden for kölsch-gjær. Eiga oppskrift. Nokså lett matøl er tanken. Eintype humle – Hallertau Mittelfrüh

  • 3.0 kg Briess Pilsner Light LME
  • 0.20 kg druesukker
  • 0.25 kg Carapils spesialmalt
  • 100 g Hallertau Mittelfrüh humle, pellets
  • Vatn til 23 L
  • US-05 ale-gjær

Spesialmalt køyrt i foodprocessor, trekt 30 min i 1.2 L mattermos, vatn på 70 grader. Silt i dørslag med papir.
Halvparten av maltekstrakta kokt med 10 L vatn i 40 min, 40 g humle frå start, 20 g etter 30 min, 10 g ved avslutning av koking (1 min). Resten av maltekstrakta og sirupen i når varmen er slått av. Kjøling i vaskekum. Kaldt vatn til 23 L.
2015-10-07: Sett gjær ved 18 grader, til gjæring ved 16 grader.
2015-10-11: Tørrhumling med 30 g Hallertau Mittelfrüh
2015-10-14: 140 g druesukker ekstra for å få alkoholinnhaldet over 5% – pga usikker kvalitet på springvatnet ved setting.  Til 23 grader.
2015-10-16: Attende til 15 grader.
2015-10-18: SG 1.010
2015-10-26: Tappa på 40 0.5L flasker, mørkeblå kork, og ei 0.33L flaske. Fin aroma og smak, lovande. Mykje humleflokk – vonar det klarnar på flaska. Karbonert med 160 mg sukker til 250 mL vatn, 5 mL på kvar flaske. Sett til flaskegjæring ved ca 24 grader.
2015-11-09: Sett på kjølelager.
OG 1.046, FG  1.008, 5% AVB pluss 140 g sukker i sekundærgjæring. Med flaskesukkeret skulle det verte ca 5.5 % ABV.
2015-11-20: Vart som bestilt – eit godt matøl. «Pils» med meir kropp. Flokken har sedimentert seg fint i flaskene

Kölch

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s